Vebjorn krogsaeter foto marius
22 MILLIONAR: Første år etter at Haram vart eiga kommune igjen får den 22 millionar kroner utbetalt frå Havbruksfondet. Ordførar Vebjørn Krogsæter seier inntektene stimulerer til å legge til rette for meir oppdrett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Får starthjelp frå oppdrettsinntekter

Med på kjøpet i skilsmissa frå Ålesund tok Haram med seg mesteparten av inntektene frå Havbruksfondet. Utbetalinga i år er dessutan høgare enn venta.

22.10.2024

– Det er sjølvsagt svært kjærkome, seier Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) om utbetalinga som er på veg inn i kommunekassa.

Eit ekstra pluss er det at kommunen får seks millionar kroner meir enn den sjølv hadde budsjettert med frå Havbruksfondet i år.

Inntektene frå Havbruksfondet er så store at Krogsæter meiner Haram bør satse på meir oppdrett i kommunen enn i dag, gitt att det er forsvarleg med omsyn til miljø- og andre interesser.

To-årssyklus
Havbruksfondet blei oppdretta i 2015 for å fordele kommunar og fylke sin andel av inntektene frå sal av nye oppdrettskonsesjonar og for produksjonsavgifta som oppdrettarane betalar for å bruke sjøareala.

Nye oppdrettskonsesjoner frå staten blir berre seld annakvart år. Difor svingar også utbetalingane frå fondet i ei to-årssyklus, med toppår når inntekter frå sal av konsesjonar skal fordelast.

I år er eit slikt toppår. I år kan også kommunar og fylke nyte godt av at fordelingsnøkkelen er endra til gunst for dei, medan staten tek ein mindre del av kaka.

Mindre til Ålesund
Både Lerøy Seafood Group, Salmar og Mowi har oppdrettsanlegg i Haram, ifølgje Krogsæter. 

Utbetalingane frå Havbruksfondet er fordelt etter kor omfattande oppdrettsverksemd kommunane har i sitt sjøområdet. 

Dess meir oppdrett, dess større utbetalingar.

I Nett No sitt dekningsomådet er det berre Kinn kommune som er større oppdrettskommune enn Haram (sjå tabell over utbetalingane under, journ. anm.)

Kinn omfattar dei to tidlegare kommunen Flora i Sunnfjord og Vågsøy i Nordfjord.

For Ålesund betyr skilsmissa frå Haram over ei halvering av utbetalingane frå Havbruksfondet i høve til i fjor - til 5,2 millionar kroner. 

I 2022, som var førre toppår fekk Ålesund - medrekna Haram - 17,9 millionar kroner i utbetalingar.

UTBETALING FRÅ HAVBRUKSFONDET  
Tal i   mill. Kroner  
   
Kommune20242023
   
KINN75,325,6
HARAM22,80,0
MOLDE20,711,8
STAD16,33,5
VESTNES14,23,9
ØRSTA13,43,3
VOLDA12,63,5
VANYLVEN11,13,0
FJORD6,31,7
STRANDA6,32,6
SANDE5,86,6
GISKE5,61,5
RAUMA5,56,5
ÅLESUND5,211,8
HERØY4,21,1
GLOPPEN3,91,1
SYKKYLVEN3,25,9
ULSTEIN2,40,6
   
   
MØRE OG ROMSDAL FYLKE78,014,8
   
UTBETALING PÅ LANDSBASIS 4 695,41 409,6

Publisert: 22.10.2024 14:04

Sist oppdatert: 22.10.2024 14:30

Mer om