Ably Medical foto Ably Medical 11
AVANSERT TEKNOLOGI : Ably Medical-prosjektet skal kome fram til ei ei teknologisk løysing for å få sensorteknologien inn i sjukehusa. Foto: Ably Medical
Nytt

Får storpott til å utvikle framtidas pasientrom

Innovasjon Norge har stor tru på at Ålesund-selskap skal ta sensorteknologi inn i sjukehusa.

Marius Rosbach
04.05.2023

Helseteknologiselskapet Ably Medical får eit tilskott på heile 15 millionar kroner frå Innovasjon Norge, for å utvikle og teste sensorteknologi i sjukehusa.

Ålesund-selskapet som blei starta i 2016 har utvikla ei smart sjukehusseng med innebygd sensorsystem og ei sensormatte kalla Lyng. Hovudformålet med innovasjonsprosjektet omtala som “framtidas pasientrom”, er å innføre og gjere klart for ei teknologisk løysing som kan få sensorteknologien inn i sjukehusa.

- Løysingar som dette er del av svaret på helsesektorens behov for å utvikle helsetenestene og samtidig frigjere tid for dei tilsette. Ably Medical si løysning kan på sikt rette seg mot både sjukehusa, sjukeheimane og heimetenesta, uttaler Håkon Haugli i Innovasjon Noreg, i ei pressemelding.

Ably Medical-sjef Mikkel Ingstrup fortel at dei kan digitalisere alle sjukehussenger gjennom sensorteknologi og ein eigenutvikla “Ably hub”.

Hubben skal samle alle data frå IoT-løysninger og annan sensorteknologi i ein og same plattform og samle data frå både pasientar og prosessar.

Ingstrup meiner det er for lite samanheng mellom verktøya som blir nytta i dag, og at det manglar godkjende løysingar for å kombinere ulike data og sensorar. Deira sin løysing har potensial til å bli ein kanal for ny teknologi, nytt utstyr og nye appar inn i sjukehusa, uavhengig av leverandør, ifølgje selskapet.

Kan vere enorm marknad
Marknaden for løysinga berre i Europa, kan vere enorm med 6 millionar sjukehussenger, 3,6 millionar sjukeheimssenger og 10,7 millionar pasientar som treng langvarig pleie, dei fleste i sine eigne heimar.

Men først skal mykje arbeid gjerast. Prosjektet går i samarbeid med tre sjukehus i Noreg og Tyskland, og løysinga skal utviklast i samarbeid med sengeleverandør Malvestio i Italia.

I løpet av arbeidet skal dei utvikle ei teknisk løysning, teste den på sjukehusa og gjere ein klinisk studie for å dokumentere effektar. Etterpå skal det óg utviklast metode for “beste praksis”.

Heile kostnadsramma på prosjektet er 34,36 millionar kroner.

Få selskap innan helseteknologi i regionen
Regiondirektør Helge Gjerde for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal fortel at dei har hatt eit samarbeid med Ably i fleire år. Selskapet har også fått støtte tidlegare i prosessen med å utvikle sjukehussenga.

- For Møre og Romsdal er dette eit viktig prosjekt av fleire grunnar, også som ledd i strategien for å utvikle ny næring, i dette tilfellet helseteknologi, ei næring vi ikkje har mykje av frå før i vår region, uttaler Gjerde.

Selskapet har i dag tilsette i Ålesund, Oslo og München.

Publisert: 04.05.2023 11:16

Sist oppdatert: 05.05.2023 00:12

Mer om