Helge Gjerde Innovasjon Norge
INNOVASJON: Direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal etterlyser at bedrifter samarbeider meir om nysatsingar med internasjonalt potensiale. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi bør gå i front og doble eksporten innan 2030

Helge Gjerde meiner at næringslivet i Møre og Romsdal må tenke større, samarbeide meir og auke eksporten kraftig.

16.01.2022

- Vi er store i dag, men vi har alle føresetnader til å auke eksporten frå dette fylket kraftig. Vi er også godt posisjonerte for å bidra til det grøne skiftet innanfor mange av våre næringar.

Det seier Gjerde, som er direktør i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal er i dag det fylket med mest fastlandseksport per innbyggjar. Samstundes har næringsminister Jan Christian Vestre sett som mål at Norge skal auke fastlandseksporten med 50 prosent innan 2030.

- Dette er eit ambisiøst mål, men det er samstundes svært viktig at vi lukkast i takt med at eksportinntektene frå olje og gass vert reduserte.

- Og for å nå dette målet bør Møre og Romsdal gå i front. Vårt næringsliv sit på mange av dei kompetansane og teknologiane som ei grønare verd vil etterspørje framover, seier Gjerde.

Vil ha større breidde
Gjerde etterlyser også større breidde innanfor næringslivet i Møre og Romsdal. Han viser blant anna til Sverige, som har eit langt meir variert næringsliv enn det Norge har.

- Faktisk er situasjonen no slik at vi taper eksportmarknadsandelar mot Sverige og ei rekke andre land.

- Vi skal halde fram med å satse på alt som har med hav å gjere, men vi må også verte flinkare til å tenke nye forretningsmodellar som har internasjonalt potensiale, seier Gjerde.

- Sjå på selskap som Autostore og Oda. Denne type nyskapande selskap skulle vi gjerne også ha utvikla her.

Men Gjerde understrekar at det skjer mykje regional innovasjon med stort potensiale.

- Eit selskap blant mange er Prodtex i Ulsteinvik, eit selskap som har tatt med seg kompetanse innanfor robotisert stålproduksjon frå verftsnæringa og inn i nye område, seier Gjerde.

Vi må også verte flinkare til å tenke nye forretningsmodellar som har internasjonalt potensiale
Helge Gjerde

Helse og reiseliv
Innanfor helse viser Gjerde til nyskapingar som Ably Medical med intelligente sjukehussengar og Arctic Biosience med helseprodukt av silderogn.

- Svært spennande satsingar.

- Og det skjer også betydelige satsingar innafor reiseliv som vi er med og støttar, seier Gjerde.

Innovasjon Norge i Møre og Romsdal løyvde i 2021 ein milliard kroner i lån og tilskot til selskap i fylket. Dermed var fylket tredje størst i tildeling i landet.

Totalt vart det frå Innovasjon Norge i fjor delt ut 9,2 milliardar kroner til over 5.500 enkeltprosjekt.

Vil ha fleire store satsingar
Største enkeltløyvinga i Møre og Romsdal gjekk til oppdrettsselskapet Salmon Evolution som satsar stort på landbasert oppdrett i Indre Harøy. Totalt har dette selskapet fått 140 millionar kroner i lån frå Innovasjon Norge.

Men det var mange mindre løyvingar. Gjerde seier at nålauget kan verte litt trangare framover.

- Skal vi lukkast med eksportsatsing og grøn omstilling må vi prioritere dei som har dei beste føresetnadene for å lukkast.

Gjerde seier at det ikkje vert slutt på å støtte dei små initiativa.

- Men vi ønsker også at det skal verte fleire store satsingar, og gjerne der fleire selskap går saman og utviklar forretningsmodellar med internasjonalt potensiale.

Vårt næringsliv sit på mange av dei kompetansane og teknologiane som ei grønare verd vil etterspørje framover
Helge Gjerde

Potensiale til forbetring
Gjerde viser blant anna til det Norsk Hydro Sundal-leia prosjektet AluGreen som fekk tildelt 77 millionar kroner frå Grøn Plattform-programmet der over 20 andre selskap er inne, blant andre Oshaug Metall i Molde og Prodtex i Ulsteinvik.

- Det er slikt vi håpar å sjå meir av, der selskap samarbeider for å oppnå suksess, seier Gjerde.

- Utstrekt samarbeid på tvers av og innad i forskjellige verdikjeder trur eg blir ein endå viktigare oppskrift på suksess i den internasjonale marknaden i åra som kjem. Her meiner eg vårt næringsliv har eit betydeleg potensiale for forbetring.

Store EU-midlar
Gjerde viser til at slike konsortium-modellar også kan gjere det lettare både å søke og oppnå tilgang til EU-midlar, der det er sett av store summar, ikkje minst til nye grøne satsingar.

- Dette er krevjande søknadsprosessar, og då er det ein fordel om fleire kan samarbeide.

Han seier at Innovasjon Norge gjerne vil kome tidleg inn i prosessane.

- I tillegg til finansiering, kan vi bidra med rådgiving og sparring der også fleire kompetansetenester kan inngå. Det viser seg at dei prosjekta vi har vore med på frå ein tidleg fase har større sjanse for å lukkast.

Ei dør inn
I tillegg til å bidra med eigne midlar, har Innovasjon Norge eit tett samarbeid med dei andre virkemiddelaktørene, som Forskingsrådet og Eksfin som begge deler kontor med Innovasjon Norge i Ålesund.

- Liknande samarbeid vil vi også etablere med Eksportstrategirådet som er i ferd med å etablere seg i Ålesund, også dei samlokaliserte med oss i ein oppstartsfase.

Helge Gjerde oppmodar bedrifter om å ta kontakt.

- Mange opplever at verkemiddelapparatet kan vere vanskeleg tilgjengeleg. Hos oss er det bokstavelig talt «ei dør inn» til dette apparatet, avsluttar Gjerde.

Publisert: 16.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 15.01.2022 22:27