Sigrid  foto tore Sætre (CC BY-SA 4.0)
REKORDÅR: Hektisk år i fjor for Ålesund-artisten Sigrid Solbakk Raabe, gjorde at selskapet hennar Sala Music, fekk eit rekordår. Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons
Nytt

Rekordomsetning og -overskot for Sigrid

Turnering og plate gjorde at både inntektene og overskotet skaut i veret.

Marius Rosbach
20.07.2023

Ålesund-artisten Sigrid Solbakk Raabe sitt selskap Sala Music, hadde eit rekordår på dei fleste vis i fjor.

Omsetninga skaut i veret frå 13 til 38 millionar kroner og resultat før skatt vart 9,3 millionar – frå 5,5 millionar året før (sjå tabell under).

– 2022 var eit aktivt år etter to år med pandemi. Mykje turnering og ny plate bidrog til god omsetning og godt resultat, seier styreleier og far Håkon Raabe til E24.

Det tidlegare toppåret 2019, då artisten omsette for over 30 millionar kroner.

Sala Music

Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
38,9
13,9
Driftsresultat
9,1
4,9
Resultat før skatt

9,3

5,5

Musikkarrieren har kasta bra av seg økonomisk for artisten, som har teke samla utbytte frå selskapet på drygt ti millionar sidan oppstarten. I tillegg har artistne andre inntektskjelder.

Utbyttet etter fjoråret vart 2,5 millionar, medan 3,3 millionar blir avsett til eigenkapitalen. Den er oppe i 9,6 millionar, medan selskapet knapt har gjeld.

Publisert: 20.07.2023 13:56

Sist oppdatert: 20.07.2023 20:13

Mer om