Nedtur for Sitwell
TØFT ÅR I 2022: Geir Hoff er medeigar og dagleg leiar i Sitwell. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Færre tilsette i Sitwell

Koronapandemien gav Sitwell eit løft, men i fjor var heile effekten borte.

24.08.2023

Møbelprodusenten i Stordal snudde ein fallande trend då nordmenn måtte halde seg meir heime under koronapandemien, og auka inntektene frå knappe 13 millionar kroner i 2019 til nesten 15 millionar kroner i 2021.

I fjor fall inntektene til 12,2 millionar kroner (sjå tabell). Det er det lågast nivået sidan 2004, ifølgje databasen proff.no.

Færre tilsette
Sitwell sysselsette 14 årsverk i 2021, og krympa arbeidsstokken til 11 i 2022.

Frå 2013 til 2016 nesten dobla Sitwell inntektene, til 24,2 millionar kroner. Deretter gjekk det nedover, med unntaket av løftet under koronapandemien i 2020 og 2021.

Fem eigarar
Sitwell har fem eigarar.

Machine Control as i Stordal eig 40,5 prosent, Pedro Eiendom as 34,5 prosent, dagleg leiar Geir Hoff (biletet) eig 12,7 prosent, Kvande & Nordvik Møbelfabrikk sju prosent og Claus Hoff 5,3 prosent.

Sitwell as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt12,214,7
Driftsresultat-1,00,2
Resultat før skatt-1,20,02

Publisert: 24.08.2023 09:15

Sist oppdatert: 24.08.2023 09:18

Mer om