Geir Hoff Sitwell foto Ogne
BREMS: I koronatida har folk halde seg heime. No skal dei ut og reise, og det verkar inn på møbelbudsjettet, trur Sitwell-sjef Geir Hoff. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mindre fart mot sommaren

Møbelprodusenten fekk koronaløft, men no kan pandemieffekten vere over.

30.06.2022

- I år starta det ganske bra, men så har det vore roleg dei siste to månadane. I butikkane rapporterer dei at det er dårlegare sal enn på tilsvarande tid i fjoråret, seier dagleg leiar og medeigar Geir Hoff i møbelprodusenten i Stordal.

Sitwell auka driftsinntektene med ein million kroner frå 2019 til 2020 og veksten heldt fram i 2021 (sjå tabell under).

I år trur Hoff Sitwell vil ende med driftsinntekter omlag som i fjor.

Nisjeprodusent

Sitwell har spesialisert seg på møblar for eldre personar, som legg vekt på at møblane skal vere lette å sette seg ned i og reise seg opp frå.

Tidlegare skilde stilen på slike møblar seg frå møblar som yngre møbelkjøparar ville ha. Slik er det ikkje lenger, no er det berre sitte-og brukskomforten som er skilnaden, ifølgje Hoff.

Sitwell har 14 tilsette. Selskapet sel møblane sine gjennom Fagmøbler-kjeden og frittståande forhandlarar.

Selskapet presenterer møblane sine på eiga nettside, men har ikkje eigen netthandel.

Sitwell as
Tal i i mill. kroner20212020
Driftsinntekt14,714,0
Driftsresultat0,20,7
Resultat før skatt0,020,5

Publisert: 30.06.2022 14:01

Sist oppdatert: 30.06.2022 14:09

Mer om