Konsulentselskapet EY og Danske Bank gjennomfører kvar år eit kartlegging av talet på såkalla vekstselskap i Noreg. Undersøkinga er basert på rekneskapstal frå selskapa.
Vekstselskap er definert som selskap med minst 20 millionar i inntekt, minst 20 prosent vekst i inntektene siste to år og overskot og positiv eigenkapital.
Den siste kartlegginga, for åra 2023-2024, viser ytterlegare fall etter toppåra 2020-2022.
Fall på 17 prosent i Møre og Romsdal
Tendensen er den same i alle fylke. I Møre og Romsdal er det snakk om ein nedgang på 17 prosent sidan 2020-2022.
I den perioden innfridde 706 bedrifter i fylket krava for å bli rekna som vekstselskap. Tala for 2022-2024 viser at 588 selskap innfrir krava.
På landsbasis er nedgangen 21,5 prosent, frå 13.889 til 10.898 selskap, ifølgje kartlegginga til EY/Danske Bank.
«Tallene viser en foruroligende trend. For å henge med i den internasjonale konkurransen er Norge avhengig av gründere og selskaper som tenker nytt på tvers av sektorer».
Det seier Ronny Junge-Larsen som er leiar for bedriftsmarknaden i Danske Bank i ei pressemelding.
Kårar årets entreprenør
EY og Danske Bank samarbeider om den årlege prisen «Entrepreneur of the Year», som har regionale, nasjonale og europeiske finalar. Kartlegginga blir gjort i samband med det arrangementet.
Frå 2016-2018 auka talet på vekstselskap i kvar toårsperiode fram til toppen i 2020-2021.
Akkurat som for nedgangen etterpå var det vekst i alle fylke. For Møre og Romsdal auka talet på vekstbedrifter med 91 prosent i perioden.
Handlar meir om å bygge stein på stein
Håvar Risnes er fagleiar for vekstselskap i ÅKP og arbeider mellom anna med å hjelpe selskap til vekst og utvida marknadar. Han har sett på utviklinga etter liknande kriterium som EY/Danske Bank for Vestlandet, Møre og Romsdal og Midt-Noreg.
Trenden er den same som i EY/Danske bank si kartlegging, det er blitt færre vekstselskap.
Årsakene er fleire, meiner Risnes:
Ei rekkje hendingar, frå finanskrise, via koronapandemien, krig i Ukraina, auka internasjonal spenning og handelskonfliktar og toll har gjort bedriftsleiarar og investorar meir forsiktig.
No handlar det meir om å bygge stein på stein.
– Vi opplever at selskap er meir opptekne av å bygge soliditet enn å bygge kraftig vekst, seier Risnes.
Ser auka realisme
Etter Risnes si vurdering er det og ein grad av auke realisme inne i biletet - som innan utvikling av tech-selskap, der aktørane har ei betre forståing av kva som må til for å lukkast.
Han ser imidlertid at stadig fleire bedrifter aktivt posisjonerer seg for vekst i nye eksportmarknadar. Det lovar godt for framtida, meiner han.
Publisert: 03.09.2025 15:16
Sist oppdatert: 03.09.2025 22:07






