Følg Nyttårskonferansen direkte
At nær 2000 i Møre og Romsdal er utanfor arbeid og utdanning, er mellom utfordringane på dagsorden.
Onsdag og torsdag går Nyttårskonferansen av stabelen i Molde.
Konferansen blir arrangert av Møre og Romsdal 2025, som er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal arbeider saman for å styrke regionen.
Følg konferansen i videoruta under:
Nær 2000 unge står utanfor
Statlege aktørar og kommunar har definert utanforskap som ei av samfunnsutfordringane dei ønsker å utvikle nye eller betre samarbeid på.
Statistikken viser at 1.928 unge i Møre og Romsdal som verken var i
utdanning eller i arbeid, og som ikkje hadde fullført vidaregåande
utdanning i 2020. Det utgjer kring seks prosent av ungdom i aldersgruppa 16-25 år i fylket.
Tala kjem fram i ein rapportsom Nordlandsforskning har laga på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Funna blir presentert på konferansen torsdag.
Seniorforskar Ragnhild Holmen Waldahl ved Nordlandsforskning, som saman med Esben Olesen har skrive rapporten, seier at det er viktig å få ei felles forståing for kva ungt utanforskap er.
- Det å vite kven ein snakkar om, trur vi kan bety at man blir meir presis i tiltaka, og at man kan nå dei, seier Waldahl i ei melding på fylkeskommunen si heimeside.
Kommunalministeren innleier
Alle kommunar i fylket er representert på Nyttårskonferansen. Dei som er inviterte er ordførarar, kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutval, Mørebenken, ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Onsdag blir konferansen innleia ved fylkesordførar Tove-Lise Torve og kommunalminister Bjørn Arild Gram.
Dette er den fjerde Nyttårskonferansen. Programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, KS, NAV og Ungdomspanelet.
Publisert: 20.04.2022 09:34
Sist oppdatert: 20.04.2022 09:49