Spilka jonas gahr støre terje bø foto marius 11
STATSMINISTERBESØK: Jonas Gahr Støre var imponert då han nyleg besøkte Spilka og fekk møte dei tilsette saman med administrerande direktør Terje Bøe. Støre uttalte at bedrifta hadde tatt bærekraft til et nytt nivå. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Får fleire søkarar med grøn profil

I ein stram arbeidsmarknad er talet på jobbsøknader til Spilka fleirdobla. Spilka-sjefen er ikkje i tvil om kvifor.

Marius Rosbach
12.03.2022

Arbeidsmarknaden på Nordvestlandet er strammare enn kanskje nokon gong, og bedriftene fortel om stort behov for fleire folk. Administrerande direktør Terje Bøe i Spilka meiner ein grøn profil gjer at bedrifta er attraktiv i kampen om å rekruttere nye tilsette.

– Tidlegare hadde vi kanskje sju-åtte søkarar til stillingar i produksjonen. No er vi oppe i kring 50 søkarar på stillingane vi lyser ut, fortel Bøe til NETT NO.

Den auka pågangen med søkjarar som bedrifta opplever, skjer i ein arbeidsmarknad prega av mangel på kompetanse og rekordmange tilgjengelege nye jobbar.

(saka held fram under)

Terje bøe spilka bærekraft 11
BÆREKRAFT: Spilka-sjef Terje Bøe sitt bodskap når han presenterer bedrifta handlar mykje om bærekraft. Den nye fasadeløysinga deira kan gjenbrukast. Foto: Marius Rosbach

Fekk ros av statsministeren
Spilka-sjefen er overtydd om at lanseringa av nye produktløysingar deira, der selskapet har vore tydelege på legge vekt på bærekraft, har spelt inn på kor attraktive Spilka blir oppfatta som arbeidsgivar.

At statsminister Jonas Gahr Støre kjem på besøk og uttaler at bedrifta har teke bærekraft til eit nytt nivå, hjelper sjølvsagt på.

Spilka har mellom anna sikra seg ei utviklingskontrakt på nok eit nytt produkt i sjølvaste regjeringskvartalet. Den kan ende opp med ei levering av kring 27.000 kvadratmeter innerveggar.

Berre halvparten trudde bærekraft gir fordel
Spilka-sjefen fortalde om erfaringane med auka søkartal under Danske Bank sitt frokostseminar om bærekraft i Ålesund denne veka.

På same arrangement kunne PWC Consulting legge fram resultata av ei undersøking blant bedrifter på Nordvestlandet. Den viste at meir halvparten av dei spurte meinte at satsing på bærekraft, ikkje ga bedrifta eit såkalla komparativt fortrinn.

– Det har eg ingen tru på, er Bøe sitt kontante svar til den oppfatninga.

Den same undersøkinga viste at berre ein av tre spurte bedrifter på Nordvestlandet hadde klimaplan.

Skal tilsette fleire
Arbeidsstokken på Spilka låg i fleire år på eit jamt nivå på kring 50 tilsette. No er bedrifta oppe i 72 tilsette – og har behov for fleire framover.

– I år skal vi tilsette 14 nye medarbeidarar. Nokre er allereie tilsett og vi er i prosess no om fleire stillingar i fabrikken og administrasjonen, fortel Bøe.

Under frokostseminaret kunne han også avsløre at dei jobbar med fleire større avtaler på sitt tradisjonelle forretningsområdet, som har fått draghjelp frå lanseringa av den nye fasadeløysinga.

Vi ser effekten når vi rekrutterer. Eg trur det er fordi bodskapen stemmer med verdiane
Per Helge Devold

– Viktig om ei bedrift skal vere attraktiv
MMC First process er ei anna bedrift i vekst, som har profilert seg på bærekraft. NETT NO har fleire gonger omtalt oppbemanninga hos bedrifta som har avdelingar på Digernes og på Mjølstadneset i Herøy.

Per Helge Devold er ansvarlig for marked og kommunikasjon i MMC First Process, og er ikkje i tvil om at strategien har gjort at dei har fått bra med søkarar.

– Typisk for dei som er mellom 20 og 35 år i dag, er at dei vektlegger bærekraft på eit heilt anna vis enn enn den eldre garde. Det betyr noko for dei og er viktig om ei bedrift skal vere attraktiv, fortel han.

Havbruksklynge per helge devold foto marius 11
VEKSTSELSKAP: Per Helge Devold i MMC First Process har fått mange nye kolleger det siste året. Foto: Marius Rosbach

Når bedrifta skal ut i marknaden for å rekruttere fortel dei om korleis både metodane og verksemda er ein del av løysinga for ein meir bærekraftig matproduksjon.

– Vi ser effekten når vi rekrutterer. Eg trur det er fordi bodskapen stemmer med verdiane til den generasjonen, og at vi er ein plass dei har lyst til å jobbe, legg han til.

Publisert: 12.03.2022 05:55

Sist oppdatert: 07.02.2024 10:04

Mer om