NTB d32 U5dq QR0k 1
OSLO: Måndag starta lønnsoppgjeret med at LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-sjef Ole Erik Almlid overrekte krava sine. Torsdag vart det brot i forhandlingane. Foto: Terje Bendiksby / NTB /NPK
Nytt

Følsvik skuffa over NHO etter brot

LO, YS og NHO må møtast hos Riksmeklaren etter at det vart brot i lønnsforhandlingane torsdag. LO-leiaren er skuffa over NHO.

31.03.2023

– Det var ikkje mogleg å få framdrift i forhandlingane. Derfor må vi no be Riksmeklaren om hjelp, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Ho seier at målet til LO er å jamne ut forskjellar mellom folk og snu trenden med at prisveksten har vore høgare enn lønnsveksten.

– Det er skuffande at NHO ikkje ville komme arbeidstakarane i møte. Derfor må vi no be om hjelp frå Riksmeklaren i håp om å semjast der, seier Følsvik.

NHO-sjef Ole Erik Almlid seier at dei har god erfaring med å mekle hos Riksmeklaren. Han seier det var umogleg å innfri krava frå arbeidstakarane.

– For å styrkje konkurransekrafta og sikre folk jobbar å gå til, må lønnsevna til bedrifta liggje til grunn for lønnsoppgjeret. Vi må ikkje ende med eit oppgjer som går ut over konkurranseevna og høvet bedriftene har til å skape og utvikle arbeidsplassar. Dessverre står vi så langt frå kvarandre at det er naturleg å be Riksmeklaren om bistand, seier Almlid.

Vi må ikkje ende med eit oppgjer som går ut over konkurranseevna og høvet bedriftene har til å skape og utvikle arbeidsplassar
Ole Erik Almlid

YS bekymra
Forhandlingane i lønnsoppgjeret starta med kravoverlevering mellom LO og NHO måndag denne veka. Same dag leverte også YS krava sine.

Etter tre dagar vart det – slik mange venta – brot i forhandlingane.

No skal partane møtast igjen hos Riksmeklaren 14. og 15 april.

YS seier at dei er bekymra for framdrifta i forhandlingane.

– Vi må ha eit lønnstillegg som bidreg til å auke kjøpekrafta til medlemmene og sikre dei ein rettmessig del av verdiskapinga i verksemdene, seier leiar av YS Privat, Anneli Nyberg.

Kan bli storstreik
Lønnsoppgjeret er eit mellomoppgjer. Det betyr at det berre blir forhandla om lønn. Dersom partane ikkje blir samde hos Riksmeklaren, kan inntil 185.000 LO-medlemmer bli tekne ut i streik. Det vil i så fall vere første gong i etterkrigstida at det skjer i eit mellomoppgjer.

Både LO og YS krev at årets oppgjer skal munne ut i auka kjøpekraft, altså at lønna aukar meir enn prisane. Årets prisvekst er berekna til 4,9 prosent.

I fjor auka prisane såpass mykje at nordmenn i snitt fekk reallønnsnedgang, altså at kjøpekrafta vart svekt. Ferske tal frå SSB tyder også på at frå 2015 til 2023 har reallønna samla sett berre auka med 0,4 prosent. Ikkje sidan 1980-talet har nordmenn hatt ei like svak lønnsutvikling.

Publisert: 31.03.2023 04:35

Sist oppdatert: 31.03.2023 04:35

Mer om