Foerst i landet med nett rabatt
VANYLVEN: - Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann i Vanylven Andreas Chr. Nørve.
Nytt

Først i landet med nett-rabatt

Vanylven kommune gir rabatt for å betale rekningar på nett.

11.05.2017
Dersom innbyggjarane brukar eFaktura får dei ein rabatt på 25 kroner på kvar rekning, opplyser kommunen i ei pressemelding torsdag.
– Den vanlegaste måten å få til slike overgangar er å påleggje gebyr til alle som ikkje gjer slik vi vil. Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann Andreas Chr. Nørve i pressemeldinga.
Ved å få folk over på e-faktura vil Vanylven på sikt spare store summar på administrasjon, og kan bruke meir pengar på å gi enda betre tenester til innbyggjarane.

Smartare

Rådmann Nørve viser til at Vanylven er ein liten kommune som heile tida er på leiting etter smartare måtar å jobbe på.
- Ifølgje våre undersøkingar er vi den første kommunen i landet som gir rabatt på kommunale rekningar som blir betalt med eFaktura.
– Når eg ser kor mykje dette kan utgjere for oss, tenk då kor mykje dette kan ha å seie i dei folkerike kommunane, seier rådmannen.

Milliardbeløp

Kommunen viser til næringsminister Monica Nærland som har opplyst at samfunnet spare milliardbeløp i administrasjon ved å gå over til eFaktura.
Ifølgje berekningar frå Visma Consulting, vil innføring av obligatorisk eFaktura åleine gi ei årleg innsparing på rundt 27 milliardar kroner.
Heile 164 millionar papirfakturaer blir sende i posten kvart år.
– Utfordringa til no har vore å utvikle økonomisystem til også å handtere rabattar og ikkje berre gebyr, men Vanylven har no saman med gode samarbeidspartnarar klart å løyse dette nybrottsarbeidet, seier rådmann Nørve.
Kommunen er i dialog med Sparebanken Møre for å sjå om det kan finnast måtar slik at også drei som ikkje er på nett kan nyte godt av prisreduksjonen.
Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura

Publisert: 11.05.2017 19:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09