Anette Aanesland Nye Veier foto Marius
VEGKONFERANSE: Administrerande direktør Anette Aanesland i Nye Veier kunne fortelje at dei første flaskehalsane på E136 i Romsdalen truleg vil vere utbetra i 2027. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Første flaskehalsane utbetra tidlegast i 2027

Nye Veier-sjefen fortalde om arbeidet med å utbetre eksportvegen i Romsdalen.

Marius Rosbach
05.04.2024

Fredag gjekk Eksportveikonferansen 2024 av stabelen på Moa i Ålesund. Som namnet tilseier, var temaet for dagen vegane ut av regionen – og ikkje minst arbeidet med å utbetre dei.

E136 gjennom Romsdalen står øvst på prioriteringslista hos næringslivet, og fleire frå transportnæringa fortalde i løpet av dagen korleis den dårlege standarden er ei stor påkjenning.

Spenninga var difor stor for korleis Nye Veier ligg an med framdrifta med å utbetre den viktige eksportvegen.

Første flaskehalsar klare i 2027
Administrerande direktør Anette Aanesland kunne fortelje at det ligg an til at dei første to flaskehalsane – ved Veblungsnes og Stuguflåten-Raudstøl – kan vere ferdig utbetra i 2027.

– Vi reknar med å lyse ut desse oppdraga i marknaden i mai, fortalde ho til forsamlinga.

Aanesland anslår at dei treng eitt år før kontraktsignering og to års byggetid. Dermed kan utbetringane tidlegast vere klar kring midten av 2027.

Flatmark-Marstein neste strekning
De neste strekningane som står for tur av utbetringar på E136, er Flatmark-Marstein, Hjelviktunnelen og Otta-Rosten.

– Vi skal sende ut planprogrammet for Flatmark-Marstein på høyring i løpet av året, så skal det lagast ein plan som skal bli vedteke. Eg vil ikkje seie noko årstal for kva tid dei vidare tiltaka kan vere klare, men vi har sett av pengar til å planlegge og har midlar, utdjupar ho til Nett No.

Samla sett er det løyvd kring seks milliardar kroner til strekninga. Dei første flaskehalsane ved Veblungsnes og Stuguflåten-Raudstøl er kostnadsrekna til kring 450 millionar kroner.

Sjekk programmet for konferansen (ekstern lenke)

Publisert: 05.04.2024 12:46

Sist oppdatert: 05.04.2024 12:46

Mer om