Stein arne wagan skjermdump samferdselsløftet nho 11
ROMSDALEN: Stein Arne Waagan meiner det er på høg tid at E136 gjennom Romsdalen blir prioritert. Foto: Skjermdump
Nytt

– Denne vegen er faktisk ei skam

Transportør fortvila over E136, men NHO-direktøren i Møre og Romsdal trur fylket står for tur i transportplanen.

Marius Rosbach
02.03.2021

Spenninga er stor framfor det komande forslaget til ny Nasjonalt Transportplan, som er venta frå regjeringa før påske.

Tysdag arrangerte NHO ein digital konferanse der dei tok føre seg kva forventingar næringslivet har til plane som skal legge føringar for korleis mellom anna vegsatsinga blir framover.

Stein Arne Waagan som leiar Ålesund-avdelinga til transportkonsernet Freja, er ikkje i tvil om kva han ønsker seg: Betre veg gjennom Romsdalen.

– Denne vegen er faktisk ei skam, og no må ord omsettast til handling. Dette er den viktigaste vegen for Møre og Romsdal, påpeika han under sendinga.

Fleire flaskehalsar
Under sendinga blei dei ulike utfordringane på den tidvis smale og svingete vegen vist fram på eit videoinnslag.

Waagan fortel at det framleis er slik at dei av og til ikkje når fram i tide, spesielt vinterstid ved mykje snøfall. Då blir det gjerne bom stopp for fleire vogntog på veg oppover.

– Får vi krabbefelt oppover Romsdalen, så blir det plass til å kome seg fram, påpeiker han.

I tillegg er det flaskehalsar og farlege punkt fleire stader på vegen vestover, mellom anna ved Hjelviktunnelen og Veblungsnes.

Eksport og verdiskaping
NHO i Møre og Romsdal har prioritert E136 på topp, saman med ny E39 mellom Ålesund og Molde.

Førstnemnte omtalar NHO-direktør Espen Remme som eksportaksen, medan ferjefri veg over Romsdalsfjorden – og seinare Sulafjorden – blir omtala som verdiskapingsaksen.

– Det blir tøffe prioriteringar framover, men vi er ganske overtydde om at Møre og Romsdal no står for tur innan den tunge samferdselssatsinga, sa Remme under sendinga.

NHO Møre og Romsdal har som mål at kostnadene og tida næringslivet brukar på transport, skal ned, i tillegg vil dei knyte saman større arbeidsmarknadsregionar for å styrke produktiviteten.

Sjå sendinga i opptak på Youtube (ekstern lenke)

Publisert: 02.03.2021 16:07

Sist oppdatert: 02.03.2021 18:08

Mer om