Helge orten loen foto marius 11
EKSPORTVEGAR I BAKLEKSA: Helge Orten (H) konstaterer at dei viktige eksportvegane over Strynefjellet og gjennom Romsdalen, ikkje blir starta opp med det første. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Løftebrot» om ikkje Strynefjellet kjem i gong

Helge Orten (H) meiner det hastar med ny tunnel – og at det er sløst bort tid i arbeidet med å utbetre Romsdalen.

Marius Rosbach
11.02.2022

Stortingspolitikar Helge Orten er i hovudsak nøgd med seksårsplanen Statens vegvesen la fram denne veka. Her listar dei opp korleis dei skal følgje opp Nasjonal Transportplan – og kva prosjekt som skal gjennomførast fram til 2028.

At ny tunnel på riksveg 15 over Strynefjellet ikkje er med på den lista – er den tidlegare leiaren av transportkomiteen derimot svært lite nøgd med.

– Det kjem vi til å følgje opp. Då Stortinget behandla dette var det brei einigheit om nokre prosjekt, både mellom oss som satt i regjering – og Arbeiderpartiet og Senterpartiet, påpeiker Orten til NETT NO.

– Eit positivt signal
Orten merka seg at samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) sette døra på gløtt for at det likevel kan kome inn nye prosjekt før 2028.

– Det er eit positivt signal, men det må operasjonaliserast ganske raskt. Om dei ikkje kjem med ein plan for dette prosjektet snart, så er det eit betydeleg løftebrot, meiner Orten.

Eit fleirtal av partia på Stortinget var tydelege på at Strynefjellet skulle starte opp i første seksårperiode, og dei dåværande regjeringspartia la inn ein halv milliard i først seksårsperiode for å kome i gong.

Fleirtalet i transportkomiteen peika óg på at det var viktig at ny veg til Geiranger vart planlagd samtidig.

Trygg på framdrifta for Møreaksen
Høgre-politikaren Orten kjenner seg trygg på framdrifta for E39 mellom Molde og Ålesund, der det er sett av 2,5 milliardar første seksårsperiode.

Det er heilt i tråd med Nasjonal Transportplan, påpeiker Orten. Han trekk også fram at det ligg an til oppstart for Voldatunnelen før 2028.

Andre store prosjekt som ligg inne i første periode, er ein fullfinansiert Stad skipstunnel.

– Veldig uheldig og underleg
Når det gjeld E136 gjennom Romsdalen, delar Orten skuffelsen med store delar av næringslivet, over at strekninga ikkje stod på den første prioriteringslista frå Nye Veier.

Ein manglande avtale om kven som skal ha ansvaret for vegen, skal ha vore årsaka til at Statens vegvesen ikkje overførte dokument til Nye Veier. Det er også vore påstandar om konflikt mellom vegvesenet og det statlege selskapet.

– Det er veldig uheldig og underleg at vi opplever ei slik problemstilling. Etter mitt syn har dette vore unødvendig tidsbruk, seier Orten, som no har stor tru på at det no blir framdrift i prosjektet.

Eit samla næringsliv saman med mellom anna NHO Møre og Romsdal har også sagt klart frå at det hastar. Til sommaren er neste sjanse for at vegutbygginga frå Åndalsnes til grensa mot Innlandet, skal nå opp i vurderinga til styret i Nye Veier.

Det er veldig uheldig og underleg at vi opplever ei slik problemstilling
Helge Orten

Publisert: 11.02.2022 05:30

Sist oppdatert: 10.02.2022 22:42

Mer om