Første investering for Vyrd
Måløy-investorar satsar på teknologi-selskap og investeringsfond.
Etter salet av aksjane i Lefdal Mine Datacenter bestemte fleire investorar i Måløy for å satse deler av milliongevinsten på nye selskap på Vestlandet.
Satsinga skjer gjennom selskapet Vyrd, som no har gjort sine første investeringar. Dei er på i alt åtte millionar kroner, likt fordelt på Eduplayton i Naustdal, Nivel og Avivero i Stavanger og investeringsfondet Momentum i Bergen.
Dagleg leiar og medeigar Sindre Kvalheim seier i ei tekstmelding til NETT NO at Vyrd også er i gang med å vurdere ytterlegare tre investeringar.
Planane til Vyrd-miljøet førte i fjor til at seks investormiljø på Vestlandet gjekk saman i samarbeidet Aaretak for å løfte fram nye idear og selskap.
Blant dei er Vyrd (tidlegare Localhost Holding) i Måløy, som eigde direkte og indirekte 27,8 prosent av Lefdal Mine Datacenter.
Motor for samfunnsbygging
- Localhost Holding (no Vyrd) ønskjer å vere ein motor for å bygge nye selskap, sa Sindre Kvalheim i NETT NO-magasinet hausten 2020.
Han meiner historia til Localhost-miljøet viser at det har lukkast med investeringane som er gjort i teknologiselskap.
- Det er investert 700 millionar kroner og skapt verdiar for minst 1,3 milliardar kroner, sa Kvalheim.
NETT NO skreiv om planane i NETT NO-magasinet hausten 2020. Les magasinet her.
Carlson og Skibenes
Største aksjonær i Vyrd er Måløy Eiendomsutvikling med 23,33 prosent av aksjane. Det er eigd eigd 50/50 av Gunnar Carlsons selskap Brothers og Svein og Kristian Skibenes (far og son) sitt selskap Skibenes & Søn.
Egil Skibemnes, bror til Svein, og hans familie eig 15 prosent gjennom Bard Invest. Dagleg leiar Sindre Kvalheim eig 14 prosent gjennom Incubate. Coast Invest eig 13 prosent. Coast Invest er eigd av Coast Seafood der Odd Martin Øvrebø og Sverre Søraa er største eigarar saman med familiane sine.
Store partnarar
Dette er Vyrd sine partnarane i investor-samarbeidet Aaretak:
Momentum Partners i Bergen. Forvaltar to investeringsfond og er mellom anna investor i selskapet Nofence i Møre og Romsdal. Nofence lagar halsband som gir husdyr signal om når dei nærmar seg grensene for kvar dei skal vere. Grensen er trekt opp på eit digitalt kart, og kan endrast av husdyreigaren når som helst.
Farvatn i Bergen. Familieigd investeringsselskap med Kristin og Johan Odvar Odfjell i spissen. Gjer eigne investeringar og er også største aksjonær i Momentum Partners.
Codee Holding på Sandane. Eigd av Jesper Melin Ganc-Pedersen, grunnleggar og største aksjonær av selskapet Convene, som lagar betalingsautomatar som folk flest kjenner frå legesenter.
Link Venture Captial i Stavanger. Forvaltningselskap som har spesialsiert seg på teknologibedrifter.
Gefyl Invest i Bergen. Eigd av Jannicke Allers, rådgivar i investor og gründermiljøet i Bergen.
Publisert: 26.04.2022 12:32
Sist oppdatert: 26.04.2022 13:26