Klare til å dele ut fleire titals millionar
Stiftinga som såg dagens lys då Sparebanken 1 Søre Sunnmøre blei historie, har allereie hatt ei betydeleg verdiauke.
I fjor vår var nær 170 års lokalbankhistorie over då Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjekk inn i Sparebank 1 SMN.
Det starta som Volda og Ørsta Sparebank, og slutta som ein bank for alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Sjølv om banken er historie, lev verdiane vidare – og dei har vekse betydeleg berre i løpet av det siste året.
Då fusjonen med Sparebank 1 SMN blei vedteke hausten 2022, vart det bestemt at eigenkapitalbevis som då hadde ein verdi på kring 1,4 milliardar kroner skulle gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Allereie då grepet blei gjennomført formelt i fjor vår, hadde verdien stige til 1,7 milliardar.
Forvaltar no kring to milliardar
I dag kan styreleiar Arild Hatløy og dagleg leiar Arne Lothe konstatere at verdiane dei forvaltar har stige til om lag to milliardar, etter eit nytt svært godt år for banken.
– Banken har hatt ei fin utvikling dei siste åra og verdiane har vekse kraftig, seier Hatløy om tida før og etter stiftinga såg dagens lys.
– Vi fekk 155 millionar i utbytte første året, så det har vore ei veldig god reise i løpet av oppstartsåret, legg Lothe til.
Duoen i stiftinga legg ikkje skjul på at dei tek på alvor ansvaret med å forvalte verdiane. Samtidig gler dei seg over kva nytte pengane kan gjere.
– Vi vil ha eit stabilt godt nivå på gåveutdelingane framover. Samfunnet vil verkeleg få glede av denne den strukturendringa som skjedde i banken i fjor, seier styreleiar Hatløy.
Les også
Potten blir auka betydeleg
Formålet med stiftinga er å dele ut midlar til gode formål i lokalmiljøa til den tidlegare lokalbanken. Slik har banken allereie gjort i fleire tiår, men potten frå stiftinga kjem i tillegg til den ordinære utdelinga av samfunnsmidlar frå Sparebank 1 SMN.
– Det blir betydeleg mykje meir enn banken har delt ut tidlegare, då utdelinga gjerne har vore mellom 10 og 15 millionar kroner, seier Lothe.
Han kan ikkje vere konkret enno, men seier potten til utdeling til kommunane på søre Sunnmøre blir auka betydeleg i år.
Det siste året er brukt til å legge ein plan for kapitalforvaltninga, og ein struktur for korleis Arne Lothe skal jobbe som som dagleg leiar. No er «grunnmuren lagt».
Meir om Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre blei oppretta som ein del av avtalen då Sparebank 1 Søre Sunnmøre blei slått saman med Sparebank 1 SMN i fjor.
Stiftinga er største eigar i banken med 12.971.224 eigenkapitalbevisa, som gir ein eigarandel på 8,99 prosent av
Stiftinga skal mellom anna dele ut midlar til almennnyttige formål i tidlegare Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt område (Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein Hareid, Sande og Vanylven kommunar).
Utdelinga kjem i tillegg til den ordinære utdelinga av samfunnsmidlar frå Sparebank 1 SMN.
Fekk inn 131 søknader i første runde
Før påske gjennomførte sparebankstiftinga si første søknadsrunde - og det var ingenting å utsette på interessa. Til saman fekk dei inn 131 søknader om støtte til prosjekt på i sum kring 57 millionar kroner.
– Det er meir enn det vi kan tilfredsstille, erkjenner Lothe og fortel at dei sjeldan fullfinansierer prosjekt, og gjerne ser at folk ber om støtte frå fleire aktørar.
Framover skal han gå gjennom søknadane og vurdere kva dei meiner er fornuftig å bruke midlar på. Deretter lagar han ei innstilling til styret som gjer vedtak.
Mottakarane av årets midlar får den gode nyheita om tildeling av beløp i april – og 15. september er det ny søknadsfrist.
Midlane skal fordelast i alle dei sju kommunane med utgangspunkt i der midlane er skapt. Samtidig vil stiftinga legge vekt på kvar hovuddelen av kundane til banken held til, fortel Hatløy.
Kan støtte alt frå sport, til kultur og folkehelse
Prosjekt som kan få støtte frå gåvemidlane er alt frå utskifting av led-lys på fotballbanar, til turtiltak for betre folkehelse. Berekraft er kome inn som ein viktig faktor for kva som får støtte.
Også prosjekt i regi av det offentlege kan få midlar, så lenge det ikkje dreiar seg om kjerneoppgåvene til ei kommune.
– Tradisjonelt har gåvemidlar gått mykje til sport og kultur, men vi kan også bidra innan folkehelse, klima og nærmiljø, fortel Arne Lothe.
– Å bidra til alle kan sende ungane sine på aktivitetar utan at det skal koste for mykje, er andre ting vi gjerne hjelper til med – men det er ikkje mogleg å få midlar til vanleg drift, påpeiker han.
Er største eigar i Sparebank 1 SMN
Like viktig som å dele ut pengar i lokalsamfunna, er jobben med å forvalte verdiane.
– Vi skal sørgje for at pengane held fram å vekse, og plassere dei hensiktsmessig, seier Arild Hatløy.
I dag består verdiane i stiftinga av nær 100 prosent aksjar i Sparebank 1 SMN. Eller rettare sagt knappe 13 millionar eigenkapitalbevis. Det gjer stiftinga til den absolutt største eigaren i regionbanken – med knappe ni prosent av eigenkapitalbevisa.
Vil vurdere andre plasseringar
Det er naturleg med ei litt anna risikospredning i framtida, meiner styreleiaren.
– Vi skal vere langsiktige eigar og eigentleg overleve banken – men vi skal ikkje ha alt vi eig i banken, seier Hatløy.
– Vi skal ikkje inn i enkeltaksjar. Skal vi inn i noko anna enn eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN, så er fond det naturlege; pengemarknadsfond, obligasjonsfond og aksjefond, legg han til.
Hatløy seier det dreiar seg om å finne den rette balansen på risiko, og sørge for at stiftinga får reell vekst i kapitalen over tid.
Rørt av innsatsen til frivillige
Samtidig som dei skal vere langsiktige eigarar og verdiforvaltarar, kjem dei gjerne tett på arbeidet som blir gjort av frivillige. Kring årsskiftet gjorde stiftinga ei av sine første tildelingar – 1,5 millionar kroner. Dei blei mellom anna blei nytta til å dele ut varme kle og matkasser til vanskelegstilte i dei ulike kommunane.
Lothe fortel at dei begge ble rørt av innsatsen til dei frivillige – og korleis hjelpa blei sett pris på.
– Dette med dugnadsand er også viktig, fortel Hatløy.
– Når vi ser at privatpersonar og foreiningar legg ned tid og ressursar sjølv, så er det desto kjekkare for oss å vere med å bidra, seier han.
Publisert: 28.03.2024 05:00
Sist oppdatert: 13.11.2024 21:53