Rita sævik 22 foto privat
OFFSHORE: Utvida fiskesesong gjer at det blir kortare offshoresesong, men til sommaren skal Rita Sævik uansett leige ut Christina E i offshoremarknaden. Foto: Privat
Nytt

Går inn i offshoremarknaden igjen

Rita Sævik tar grep med Christina E, etter tre år som reindyrka fiskebåt.

11.12.2024

Det er gode rater i offshoremarknaden som gjer at reiarlaget Ervik & Sævik gjer comeback i offshoremarknaden, fortalde Rita Sævik på NCE Blue Legasea og GCE Blue Maritime Cluster sin fiskerifagdag i Herøy tysdag.

Herøy-reiarlaget driv pelagisk fiske med Christina E. Fartøyet er bygd i 2011, som eit kombinasjonsfartøy som også kan også ta oppdrag innan offshore og havforsking. 

Planen med å bygge eit kombinasjonsfartøy var å kunne utnytte skipet også utanom fiskesesongane. Men då ratene fall til nivå der det ikkje lønte seg, valde reiarlaget i staden å la båten ligge ved kai når den ikkje var i fiske.

Samlar alle kvotene paa Christina E
KOMBINASJONSFARTØY: Christina E (biletet) vart bygd for å kunne drive båd fiske og utføre oppdrag i offshormarknaden.

Kortare sesong i offshore
Frå neste år blir det offshoreoppdrag igjen, men offshoresesongen er omlag halvert i høve til tidlegare.

Det blir i månadane mai, juni og juli, seier Sævik til Nett No.

Årsaka til endringa er enkel å forklare: Fiskesesongen er blitt lengre. Makrellen har endra vandringsmønster. Kombinert med fiskeriavtalar som gjer at ein del av makrellfangsten til norske fiskarar må takast tidleg i norske farvatn, har det framskunda starten på fisket. 

I år var storparten av flåten som fiskar makrell i gang allereie i starten av august, etter å ha gått glipp av 170-180 millionar kroner i fangstinntekter i fjor - då dei kom seint i gang med fisket.

Planar om nybygg i skuffen
Rita Sævik og Espen Ervik eig høvesvis 51 og 49 prosent kvar i Herøy-reiarlaget. 

Tidlegare har dei vurdert å bygge nytt, og fått teikna skisser til ein erstattar for dagens fartøy. Dei planane blir liggande i skuffen inntil vidare, sa Rita Sævik til Nett No i april i år.

– Christina E er godt vedlikehalda og er framleis mellom dei mest avanserte fiskefartøya her til lands. Det er eit spesielt laste- og lossesystem, og tankar som gjer at vi leverer fisk av god kvalitet. Difor har vi ingen grunn til å skifte den ut, seier ho.

Publisert: 11.12.2024 09:53

Sist oppdatert: 11.12.2024 19:45

Mer om