Solveig Strand Fiskeskjer foto Kjetil Haanes Ogne Oyehaug
GODT FISKE: Solveig Strand (innfelt) er dagleg leiar og majoritetseigar i Fiskeskjer, som snart er i mål med makrellfisket for i år. Det er og mange andre fiskebåtreiarlag. Foto: Kjetil Haanes/Ogne Øyehaug
Nytt

Makrell for fem milliardar i sikte

Makrellfiskarane ligg an til ny rekord etter å ha tatt rundt 70 prosent av kvoten.

24.09.2024

Etter ein treg start i byrjinga av august har makrellfiske skote fart. Til skilnad frå i fjor ser det også ut til at dei klarer å ta heile kvoten.

I førre veke vart det seld fisk for over ein milliard kroner gjennom Norges Sildesalgslag. Det er ny rekord for ei veke og storparten av fangsten var makrell, seier salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag.

Slik det ser ut i dag ligg makrellfisket an til å kunne passere rekordhøge fem milliardar kroner i verdi i år, ifølgje Garvik.

Prishopp
Dagleg leiar Solveig Strand i fiskebåtreiarlaget Fiskeskjer i Ålesund og hennar mannskap er mellom dei som bidrar til statistikken. Reiarlaget eig og driv ein fiskebåt med same namn som reiarlaget. I går hadde Fiskeskjer fiska nesten heile kvoten for året, 2633 tonn.

Det er omlag same fangst som i fjor, men prisen er i gjennomsnitt nesten tre kroner høgare per kilo enn i fjor og vil sikre ei samla fangstinntekt på omlag 58 millionar kroner.

Starta tidleg
Strand framskunda starten på makrellsesongen med omlag tre veker samanlikna med i fjor. Det betyr at Fiskeskjer var i gang i starten av august.

Grunnen til den tidlege starten var at mange makrellfiskarar ikkje greidde å ta heile kvoten i fjor, fordi makrellen vandra ut av norsk sone før andelen av den totale kvoten som måtte fiskast i Noreg var fiska. Fiskeskjer var mellom dei heldige som fekk fiska omlag heile kvoten i fjor, men starta likevel fisket tidleg for å gardere seg mot ein situasjon som i fjor.

Tek meir tid
Etter at Storbritannia gjekk ut av EU - Brexit- vart norske fiskarar sitt høve til å fiske i det som då vart britisk farvatn begrensa. Ein avtale opna opp tilgangen igjen, men berre i avgrensa grad. 40 prosent av den norske kvoten må fiskast i norske farvatn.

Ein studie som forskarar ved Universitetet i Bergen offentlegjorde tidlegare i år konkluderte med at Brexit auka drivstofforbruket til norske fiskarar med 23 millionar liter i året, fordi distansen til transport og fiske vart lengre.

Etter Brexit har makrellfisket blitt meir tidkrevande, seier Solveig Strand.

Publisert: 24.09.2024 05:00

Sist oppdatert: 24.09.2024 11:22

Mer om