Jakter båt og kvote etter rekordår
Éin fiskebåt held ikkje når du har to søner som vil bli skipperar.
Fiskebåten Christina E la bak seg eit nytt rekordår i 2023. Fangstinntektene kom opp i 125 millionar kroner.
Det er den høgaste omsetninga Ervik & Sævik-reiarlaget har hatt frå båten nokon gong. I 2022 stoppa inntektene på 106 millionar kroner.
– Det blei eit godt år, seier Rita Sævik om fjoråret, med trykk på «godt».
Rekordgod lønnsemd
Herøy-reiarlaget driv pelagisk fiske med Christina E, og har maksimal kvote på 850 tonn. Kombinasjonsfartøyet er bygd i 2011, og kan også ta oppdrag innan offshore og havforsking.
Driftsresultat før avskrivingar enda på 39,5 millionar, som også er rekordhøgt – sjølv om det låg på same høge nivå i 2022. Ettersom revisjonen av rekneskapen ikkje er ferdig, er ikkje resultat før skatt klart.
Rita Sævik og Espen Ervik eig høvesvis 51 og 49 prosent kvar i reiarlaget, og Ervik er skippar på Christina E. Saman har dei også to søner.
– Vil kjøpe båt og kvote
Dei gode resultata og behovet for å klargjere for eit generasjonsskifte, gjer at reiarlaget er i marknaden for å utvide flåten.
– Vi ønsker å kjøpe båt og kvote. Vi har to gutar som vil på sjøen og drive fiske. Og begge to vil vere skipperar, forklarar Sævik.
Tidlegare har dei vurdert å bygge nytt, og fått teikna skisser til ein erstattar for dagens fartøy. Dei planane blir liggande i skuffen inntil vidare.
– Christina E er godt vedlikehalda og er framleis mellom dei mest avanserte fiskefartøya her til lands. Det er eit spesielt laste- og lossesystem, og tankar som gjer at vi leverer fisk av god kvalitet. Difor har vi ingen grunn til å skifte den ut, seier ho.
Avgiftspolitikken pregar næringa
Usikkerheit kring rammevilkåra for fiskeriet framover, bidreg til avgjerda.
Seinast onsdag blei det kjent at stortingskomiteen har utsett fristen for å bli ferdige med forhandlingane om kvotemeldinga.
– Heile fiskerinæringa er prega av den avgiftspolitikken regjeringa fører. Vi blir også råka, sjølv om det ikkje er så mykje som trålarane, seier Sævik.
E25/S2 Store fiskeriverdiar i spel
Tredobla drivstoffutgifter – og formuesskatten
Sævik fortel at bunkersutgiftene er tredobla på få år, og no utgjer nærare 20 millionar kroner av utgiftene.
– Det spiser av botnlinja vår kvart år. Og i tillegg har vi formuesskatten som gjer at vi må ta ut ekstra utbytte på kring to millionar kroner, legg ho til.
Sævik påpeikar at ho langt heller ville nytta dei pengane til å utvikle både reiarlaget og andre delar av verksemda. Ervik & Sævik opna i 2022 næringsbygget Horisont der dei har mellom anna har galleridrift og serveringsverksemd.
Publisert: 18.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 27.04.2024 13:15