Ga Steinway flygel til 1 5 millionar
STEINWAY: Konsertarrangør Bjørn Holum testar flygelet for første gong. Investorane Fredrik og Åge Remøy i Rem Offshore er strålande fornøgde med lyden.
Nytt

Ga Steinway-flygel til 1,5 millionar

Rundt 1,5 millionar kroner har Åge Remøy og Rem Offshore lagt på bordet for å skaffe nye Fosnavåg konserthus eit flygel frå tyske Steinway & Sons.

03.10.2014
- Eg er glad i musikk og kultur, og hadde lyst til å bidra til at konserthuset fekk eit skikkeleg flygel, seier Åge Remøy.
Sjølv syng han i Bergsøy blandakor, men vedgår at han ikkje er nokon stor pianist.
- Eg veit kvar eg finn c-en, men ikkje så mykje meir. Derimot kan eg glede meg storleg over gode pianistar.

Gir Andsnes-konsert

Sonen Fredrik er dagleg leiar i Fosnavåg konserthus.
- Eg synst eit slikt konserthus fortente eit instrument i verdsklasse. Dette er eit klaver som skal gi glede i 50-60 år framover. Mange i Herøy og området rundt vil ha glede av denne gåva.
I tillegg til flygel, har også Rem Offshore gitt ein Beethoven-konsert med Leif Ove Andsnes og Kringkastingsorkesteret 23. og 24. oktober.
- Det vert stort, seier Fredrik Remøy.

Holum masa om flygel

Totalt har konserthuset kosta 95 millionar kroner gjennom eit spleiselag mellom kommunen, næringslivet og bruk av RDA-midlar.
Fredrik Remøy seier at noko av det første ein tok ut frå planane var klaveret.
- Det vart for dyrt.
Men arrangementsleiar Bjørn Holum var fleire gongar frampå og sa at ein burde også hatt eit skikkeleg flygel.
- Til slutt bestemte vi oss for å gje dette i gåve til konsertsalen ved Herøy kommune.

Håvard Gimse plukka ut

Sjølv var Fredrik Remøy med til klaverfabrikken i Hamburg for å plukke ut det beste flygelet. Med var også pianist Håvard Gimse.
- Han testa ut ti flygel før han gjorde valet.
Flygelet kom måndag til Fosnavåg. Konsertarrangør Bjørn Holum var strålande fornøgd.
- Dette er med på å gje konserthuset eit skikkeleg løft.

Av dei beste i Norge

Konsertsalen tek 480 plassar og der det er satsa på det beste innanfor lyd og akustikk.
- Målet er å ha ein av dei beste salane i Norge.
På plass måndag var også hotellinvestor Per Sævik. Han rosar gåva frå Åge Remøy.
- Dette er skikkeleg prisverdig. Ei utruleg generøs gåve.

Betre enn Ulsteinvik

Åge Remøy var også imponert over hotellet, som opnar neste helg.
- Det ser svært bra ut. Saman med konserthus og kinosal, vert dette skikkeleg bra.
- Eg trur dette faktisk er betre enn det dei har i Ulsteinvik.
- Ja, det er det, seier Sævik.
Eg synst eit slikt konserthus fortente eit instrument i verdsklasse

Publisert: 03.10.2014 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38