Etter fleire år med kraftig vekst og dobling av omsetninga på få år, stoppa veksten opp for Møre Trafo i fjor.
Rekneskapen for 2024 viser ei nedgang i omsetninga på drygt 50 millionar samanlikna med 2023. Driftsinntekter på 773 millionar er likevel dei nest høgaste Sykkylven-bedrifta har hatt nokon gong.
Overskotet haldt seg på rekordnivå med eit resultat før skatt på 123 millionar – kring fem millionar lågare enn året før.
Møre Trafo lagar mellom anna transformator- og nettstasjonar, og er Skandinavias største produsent av fordelingstransformatorer.
| Møre Trafo AS | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 773,3 | 828,8 |
| Driftsresultat | 121,4 | 130,6 |
| Resultat før skatt | 123,2 | 127,1 |
Nytt rekordstort utbytte
Rekneskapen viser at eigarane held fram med å ta utbytte på rekordnivå. 70 millionar blei det teke ut etter fjoråret, etter at det blei teke ut 75 millionar året før.
Knappe 26 millionar blir overført til eigenkapitalen, som var på 162 millionar ved utløpet av året. Den langsiktige gjelda var då i underkant av 22 millionar.
Møre Trafo er ein del av konsernet Møre Electric Group der Rieve Gruppen med hovudbase i Sykkylven eig 66 prosent, medan svenske Schneider Electric har ein eigardel på 34 prosent.
Trur på vidare vekst
Styret skriv i årsmeldinga at dei trur på ny vekst for marknaden og at det er gjort betydelege investeringar i løpet av fjoråret. Selskapet planlegg også vidare investeringar i år.
Nett No har omtala fleire utvidingar ved anlegget i løpet av det siste året.
Ordresituasjonen for dei tre første månadene av 2025 var tilfredsstillande og dei har klart å halde leveringspliktene sine.
Nyleg melde Nett No at Møre Trafo sikra seg ei storkontrakt til ein verdi av opptil ein halv milliard over fleire år.
Publisert: 30.06.2025 10:50
Sist oppdatert: 30.06.2025 10:51






