– Det skulle vore unødvendig å kjempe denne kampen, sa Lars Oscar Øvstegård til dei frammøtte på Trekanten i Oslo torsdag førre veke.
Ørstingen som har gått til søksmål mot den norske staten for å fjerne formuesskatten, hadde invitert folk til å høyre ekspertar svare på om Arbeidarpartiet, Raudt og SV snakkar sant i debatten.
Finansminister Jens Stoltenberg var også invitert, men sendte statssekretær Torgeir Micaelsen (Ap).
Det kom ikkje fram noko nye signal frå han – men neste veke kjem svaret på søksmålet frå finansdepartementet og regjeringsadvokatane
Eg trur han vil vinne fram, men at det vil krevje fleire rundar i retten
– Trur han vil vinne fram
Fylkesordførar Anders Riise (H) i Møre og Romsdal var mellom dei som hadde teke turen til Oslo. Han trur Øvstegård kan vinne i rettssalen mot regjeringsadvokatane.
– Eg trur han vil vinne fram, men at det vil krevje fleire rundar i retten. Eg trur ikkje det vil gå på retten til å skattlegge norsk næringsliv spesielt, men om at det berre er norske eigarar som blir skattlagt. Det handlar om rettferdigheit, seier Riise til Nett No.
Øvstegård påpeika til salen torsdag at fylkesordføraren har vore i støtte heile vegen – og takka for det.
– NRK vil ikkje høyre mi røyst
Anders Riise har tidlegare sagt at han har ein draum om at gründeren frå Ørsta skal få kome i beste sendetid på NRK, i det han meiner er ein kamp for dei mange små og mellomstore norskeigde bedriftene.
–NRK vil ikkje høyre mi røyst som står for nær 99 prosent av næringslivet, og som er hardast ramma. Dei vil berre prate om milliardærane, sa Øvestegård til salen torsdag.
Ørstingen har vore intervjua av dei store næringslivsavisene og TV 2 Nyhetene, men har førebels ikkje fått sleppe til i NRK sine riksdekkande sendingar.
– Langt frå berre dei store som blir råka
NRK Møre og Romsdal omtala førebuingane til søksmålet i fjor.
Fylkesordførar Riise er likevel samd med Øvstegård i at rikskringkastaren i for stor grad har gjort diskusjonen om formuesskatten til ein diskusjon om milliardærane.
– Det er langt frå berre dei store som blir råka, men det kjem ikkje fram i diskusjonen. NRK har ignorert dette over lang tid, og burde invitert Lars Oscar og andre som driv tilsvarande bedrifter til debatten, seier han.
NRK-redaktør: – Meiner at vi lukkast godt
Nyheitsredaktør Ole Eivind Henden i NRK blei fredag bedt om å kommenterer saka. Måndag kjem han med dette svaret via kommunikasjonsavdelinga.
– Debatten rundt formuesskatten blir stadig løfta fram i NRK sine program og flater. Der har perspektivet til eigarane av mindre verksemder kome godt fram ved gjentatte høve. Øvstegård sitt søksmål er også blitt omtalt av NRK på riksnivå. NRK ynskjer å dekke breidda i debatten rundt formuesskatten og vi meiner at vi lukkast godt med det.
Nett No ba om eksempel på slike saker der eigarar av mindre- og mellomstore bedrifter sitt perspektiv kjem fram, og fekk tilsendt fleire frå pressesjef Ellen Sporstøl (sjå under).
Desse sakene viser NRK-leiinga til
Før denne saka vart publisert måndag ettermidag sendte kommunikasjonsavdelinga over ei henvising til NRK Møre og Romsdal si sak frå i fjor om søksmålet til Lars Oscar Øvstegård.
Vidare blei det vist til innslag frå NRK Vestfold og Telemark i januar, innslag frå Dagsrevyen i fjor haust, radiodebatt i Politisk kvarter, diskusjon i Dagsnytt Atten, ei nettsak frå NRK Nordland og to nettsaker frå nyheitsredaksjonen i Oslo - om utspel frå Sp og Ap.

SMB Norge støttar kritikken
Også administrerande Jørund Rytman i SMB Norge - interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter - er samd med kritikken mot NRK si dekning.
– Vi i SMB Norge støttar Lars Oscar Øvstegård fullt ut i hans kritikk av NRK si dekning. Det har i lang tid vore svært krevjande for både små og mellomstore bedrifter – og for oss som deira interesseorganisasjon – å sleppe til i store media når formuesskatt og næringspolitikk diskuterast. Dette svekker debatten og bidreg til eig skjeivt bilde av norsk næringsliv, seier han til Nett No.
Han kan ikkje huske at SMB Norge har fått delta på nokre av debattprogramma i NRK om formuesskatt dei seinare åra.
Rytman meiner óg at NRK ikkje går i djupna om konsekvensane av formuesskatten for norske selskap og bedriftseigarane.
– Dette er Davis kamp mot Goliat
Fylkesordførar Anders Riise tok opp kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital i sin tale til fylkestinget før sommaren.
– Eg sa at eg vil jobbe for dette, fordi det skadar mange familieeigde små og mellomstore bedrifter i Møre og Romsdal, seier han.
Høgrepolitikaren fortel at han ikkje fekk noko motstand frå andre parti under den påfølgjande diskusjonen.
Fylkesordføraren fortel at det er kring to og eit halvt år sidan hans første samtale med Øvstegård om formuesskatt på arbeidande kapital.
– Dette er Davis kamp mot Goliat og Lars Oscar vil trenge all hjelp han kan få. Det er sett store ressursar i sving for å stoppe prosessen og eg håpar folk ser at han treng støtte, seier han.
Publisert: 30.06.2025 14:58
Sist oppdatert: 30.06.2025 17:25






