Gamal tank blei moderne «testlaboratorium»
«Skalet» er eit resultat av gjenbruk, men inni er det moderne teknologi som MMC First Process håpar skal ta bedrifta til eit nytt nivå.
MMC First Process sitt nye «testlaboratorium» på Mjølstadneset har ei forhistorie som er verdt å ta med.
Den store runde fisketanken blei bygd då selskapet skulle levere eit heilt nytt system om bord på brønnbåten MS Aspøy. Om bord skulle det vere to runde tankar med plass til opptil 150 tonn levande fisk.
Ved at fisken ikkje skulle møte «veggen», slik dei gjorde i trafisjonelle løysingar blei den mindre stressa, og fekk betre kvalitet.
Starta i fjor sommar
Tanken som no er teke i bruk som «testlaboratorium», blei bygd for å teste sirkulasjonssystemet før levering i 2006. Sidan har det vore brukt som lager, før dei fann ut at det var eit ypparleg utgangspunkt for gjenbruk.
– Vi har jobba med å bygge ein fullskala testfasilitet her sidan i fjor sommar. Ved å teste utstyr og produkt kan vi ta bedrifta til eit nytt nivå, fortel operasjonsdirektør Håvard Remøy i MMC First Process til NETT NO.
Ingeniørane kan boltre seg
I januar køyrde dei test av utstyret som skal om bord i dei nye brønnbåtane til Sølvtrans. Det var første gong dei fekk gjennomtesta produkta ved anlegget – før dei blir brakt ut for installasjon.
– Her kan ingeniørane våre boltre seg med å teste korleis utstyret blir påverka av ulike faktorar. Du kan mellom anna sjå kva endringar som er nyttige, og ikkje, forklarar Remøy.
Då NETT NO er innom jobbar Marko Polter og Aleksander Mork Strand med å teste ei ny sorteringsmaskin.
Ny type stilling i bedrifta
I samband med utviklinga av «testlaboratorium», er det tilsett ein
produksjonsinstallatør som vil ha ansvaret for arbeidet, i samarbeid med
forskings- og utviklingsavdelinga.
– Dette er ei ny type stilling i MMC First Process, som vi har gleda oss til å få på plass, seier Remøy.
Sjølve testfasiliteten skal vere unik i heile verda, og Remøy er overtydd om at den vil hjelpe selskapet til å «eit nytt nivå»
Kraftig vekst
MMC First Process har vore mellom dei raskast veksande selskapa i
regionen, både når det kjem til omsetning og talet på tilsette.
Bedrifta har nyleg tilsett ein rekke nye medarbeidarar, og har planar om å rekruttere fleire. Ved avdelinga på Mjølstadneset er dei nær 120 tilsette og har planar om ei auke på kring 30 i løpet av året. Snart skal dei også ta i bruk eit nybygg med fleire titals nye kontorplassar og stort lager.
Fjorårsrekneskapen er ikkje offentleg enno, men MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske kunne allereie i fjor sommar opplyse at selskapet gjekk mot sitt første år med milliardomsetning.
Publisert: 21.02.2022 16:14
Sist oppdatert: 21.02.2022 16:35