Veksten sprenger lokala på Mjølstadneset
MMC First Process bygger plass til fleire titals nye kontorplassar.
Veksten til MMC First Process gjer at dei treng meir plass ved avdelinga på Mjølstadneset i Herøy.
I desse dagar er dei i full gong med å gjere ferdig eit nytt bygg som skal romme 36 nye kontorplassar og nytt stort lager i kjellaren. Utvidinga er på 950 kvadratmeter og totalt vil bedrifta ha kring 5000 kvadratmeter til disposisjon på staden.
Flyttar snart inn
Tidlegare hadde naboane i Ervik & Sævik og Norwegian Greentech kontorplassar i lokala på industriområdet, men dei er no ute.
– Bygginga har gått radig sidan i fjor sommar og planen er å flytte inn i mars/april. Bygget er no tett og vi jobbar med å sparkle og male. Lageret tek vi i bruk i løpet av månaden, fortel operasjonsdirektør Håvard Remøy i MMC First Process til NETT NO.
Samtidig med nybygginga, får kantina ei totaloppussing, og vil no ha plass til 110 personar.
– Jobbar med fleire store prosjekt
MMC First Process har avdelingar både på Mjølstadneset, Dignernes i Ålesund og i Haugesund.
Bedrifta har vore mellom dei raskast veksande selskapa i regionen, både når det kjem til omsetning og talet på tilsette. Med 119 personar i arbeid er no avdelinga i Herøy ein av kommunens største arbeidsplassar.
– Vi har vakse voldsomt fort, spesielt innan brønnbåtar og landbasert oppdrett. Vi ser også at det blir vidare vekst framover, og jobbar med fleire store prosjekt, fortel Remøy.
Fjorårsrekneskapen er ikkje offentleg enno, men MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske kunne allereie i fjor sommar opplyse at selskapet gjekk mot sitt første år med milliardomsetning.
(saka held fram under)
Framleis mange søkjarar
Remøy fortel at dei er på jakt etter fleire tilsette og rekner med å
skulle rekruttere minst 30 nye personar til Herøy-avdelinga det neste
året.
Dei fleste av kring 15 stillingar som no er ute, skal tilsettast på Mjølstadneset. Bedrifta merkar at det er tøffare å få tak på folk i 2022, enn i starten av 2021 – men fortel at dei framleis har ei god søkjarmasse.
– Så langt har det ikkje vore noko problem med å skaffe folk. Bedrifta har opparbeida seg eit godt renommé og har stor søknad til stillingane, fortel Remøy.
Mellom behova framover er tilsette både på service, teknisk og ettermarknad, i tillegg til forsking- og utvikling.
E6/S1 Ingegjerd Eidsvik og Håkon André Berg om landbasert oppdrett
Publisert: 10.02.2022 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2022 06:04