Gangbru-marknaden sto opp att
Det løner seg å få folk til å gå på vatnet.
- Når vi har kome opp i fart er det ei vedunderleg forretning, sa Arthur Kordt i selskapet Seawalk til NETT NO etter 2018-sesongen.
I koronaåra 2020 og 2021 blei det ikkje mykje fart, men i fjor var cruisetrafikken tilbake for full, og dermed også inntektene - og solide overskot.
Seawalk Geiranger as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 11,9 | 1,7 |
Driftsresultat | 8,3 | -0,9 |
Resultat før skatt | 8,2 | -1,0 |
Seawalk Nordfjord as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 8,9 | 0 |
Driftsresultat | 4,1 | -1,7 |
Resultat før skatt | 3,1 | -2,6 |
Flytande foldbare kaier
Seawalk står bak ideen om dei flytande foldbare cruiseskipskaiene og er medeigar både på Nordfjordeid (39 prosent) og i Geiranger (24,2 prosent direkte, i tillegg til at Kordt er medeigar i Geiranger Cruise Handling, som eig 25,9 prosent).
I Seawalk Nordfjord er Jon Olav Lefdals selskap, Lefdal Invest, største aksjonær med 61 prosent av aksjane.
Erstattar djupvasskai
Foldbare flytekaier gjer at cruiseskipa kan sende gjestane tørrskodde i land, sjølv om både Geiranger og Nordfjordeid manglar djupvasskai som cruiseskip kan legge til ved.
Seawalk Geiranger blei etablert i 2013. Seawalk Nordfjord hadde sitt første driftssår i 2019, same år som Nordfjordeid fekk sitt første cruiseskipbesøk.
Publisert: 10.10.2023 05:00
Sist oppdatert: 10.10.2023 01:15