Endeleg normalsesong – iallfall nesten
Det ser lysare ut for Seawalk-satsinga i Geiranger og Nordfjordeid etter to år med pandemi-minus.
Selskapa som satsa på foldbare flytekaier for cruiseskipa i Nordfjordeid og Geiranger, har hatt nokre tøffe år grunna pandemien. I år vart det endeleg ein normalsesong – iallfall nesten.
- Vi starta med litt restriksjonar, men utover sesongen vart det betre, fortel hamnesjef Arild Åshamar i Nordfjordeid.
Vil få pluss i rekneskapen
I år kom det 50 cruiseskip til Nordfjordeid. Sidan 2019 var
oppstartssesongen, er 2022 det næraste dei har kome ein normalsesong så
langt.
– Etter to sesongar uten anløp og faste utgifter, ser vi no fram til å avslutte 2022 med et fint resultat i pluss, seier Åshamar om årsresultatet for selskapet.
Neste år er det per no booka inn kring 80 skip, som i tilfelle vil bety solid ny rekord for cruiseanløp til Nordfjordeid.
Ventar oppsving dei neste åra
Hamnesjef Rita Barstad Maraak i Stranda fortel at cruisetrafikken hos dei tok seg opp i år med 95 anløp i Hellesylt og 157 i Geiranger. Dei fleste som kjem til turistbygda inst i fjorden nyttar Seawalk-den foldbare kaia til Geiranger Seawalk.
Neste år er det booka nokre fleire cruiseanløp med 178 til Geiranger og 107 til Hellesylt per no. Det er Maraak godt nøgd med.
– Vi er komfortable med nivået, og slik vil det nok vere i både 2023 og 2024. Men frå 2025 ventar vi stor nedgang, fortel ho.
Les også
Ventar nedgang grunna utsleppskrav
Årsaka til at Stranda-hamnene ventar nedgang er dei strengare krava som gjeld utslepp til luft i verdsarvområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.
Maraak meiner strenge utsleppskrav er på sin plass, men at desse må gjelde for alle og overalt - og vere mogleg å innfri for skipa. Ho meiner konsekvensen elles berre vert blir flytting av utslepp frå eit område til eit anna.
– Vi ser at fleire skip i større grad anløper andre hamner og fraktar turistane landevegen, til eksempel til Geiranger.
Hamnesjefen påpeiker at det tynger eit allereie tungt belasta vegnett.
Heilt nedstengt i 2020 og 2021
Rekneskapa til dei to cruisekaiselskapa Geiranger Seawalk og Nordfjord Seawalk for 2021, viser begge underskot. For Seawalk Nordfjord er det oppført null kroner i inntekt og eit minus på drygt to millionar kroner (sjå tabell under).
I årsrapporten blir det vist til at verksemda var heilt nedstengt i 2020 og 2021, som følgje av koronapandemien.
Selskapet har fått ei statleg lån, har reforhandla avtaler med banken og fått avdragsfriheit ut 2022. Eigarane har også gått inn med ny eigenkapital.
Inntekt på ein tidel av 2019-sesongen
I Geiranger Seawalk vart det også eit underskot i fjor etter inntekter som låg på kring ein tidel av 2019-sesongen.
Det vart bere 16 anløp i fjor, men sjølv utan anløp ville selskapet ha likviditet til 2023sesongen, skriv leiinga i årsrapporten.
Seawalk Nordfjord As | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 0 | 0,02 |
Drifsresultat | -1,7 | -1,7 |
Resultat før skatt | -2,6 | -2,6 |
Seawalk Geiranger As | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1,7 | 0,2 |
Driftsresultat | -0,9 | -2,6 |
Resultat før skatt | -1 | -2,7 |
Publisert: 19.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 18.10.2022 21:21