Vestkapp bussar Foto Vestkapp Restaurant på Facebook 22 2
MANGE BUSSAR: Cruisebesøket fører til stor trafikk og mange besøkande til Vestkapp-platået. Men mange av dei har avgrensa tid. Foto: Vestkapp Restaurant på Facebook
Nytt

Blåser ut mot cruiseaktørar

Restaurant stenger dørene framfor å ta i mot opptil 1000 bussturistar som skal gå på do.

Marius Rosbach
26.07.2023

Onsdag er sommarens store cruisedag i Måløy med to store cruiseskip til kai. Mange av desse nyttar sjansen til å vere med på bussturar i distriktet – noko Vestkapp Restaurant har fått erfaring med.

I eit lengre innlegg på Facebook blåser spisestaden ut mot reiselivsaktørane som kjem til staden med fulle bussar med turistar, der mange treng å bytte toalett.

- Blir det 20 fulle bussar til Vestkapp imorgon? Om so er det 1000 mennesker. Som skal på do. Gratis. Med 10 minutt til rådighet. Er ikkje sånn ekstremt interessert i å vaske opp etter det, skriv spisestaden i innlegget som vart lagt ut tysdag kveld.

Saka blei først omtalt av Fjordenes Tidende.

Held stengt til bussane reiser
Restauranten yst på Stadlandet opplyste at restauranten ikkje ville opne før klokka 16 onsdag – etter at bussane var dregne derifrå. Samtidig åtvara dei mot å nytte den smale bygdevegen mellom klokka ni og halv fire onsdag.

Kritikken går mellom anna på at bussane parkerer på ein kommunal parkeringsplass for å sleppe avgift for parkering på sjølve Vestkapp.

Resultatet er ifølgje restauranten at gjestane må gå 20 minutt fram og tilbake til Vestkapp – i løpet av det drygt halvtimes lange stoppet. Spisestaden stiller spørsmål ved om dette er berekraftig reiselivsverksemd.

Reiseselskap forsvarar turane
Innlegget har skapt stort engasjement og har fleire enn 70 kommentarar dagen etter det vart lagt ut. Mange støttar restaurantens sin kritikk av dei lokale reiselivsselskapa.

Eitt av dei – Måløy Adventure – forsvarar organiseringa av turen med at dei ikkje ville fått lønnsemd om dei måtte betalt for parkering på Vestkapp.

Samtidig har cruiseturistane ei avgrensa tid på land, som gjer at det er vanskeleg å utvide opphaldet. Selskapet skriv at dei ønsker å få til lokal verdiskaping – og meiner prisen for parkering har vore høg.

- I morgon er det til dømes rundt 40 lokale guidar og vertar, samt 16 lokale underleverandørar i sving, skriv selskapet i ein svarkommentar.

Publisert: 26.07.2023 12:20

Sist oppdatert: 26.07.2023 16:19

Mer om