Ny cruiserekord på Nordfjordeid
77 cruisebesøk på Nordfjordeid i år, og fleire i vente i 2024.
Cruiseskipet Mein Schiff III med 2000 passasjeraer har dratt i gang cruisesesongen med på årets andre besøk på Nordfjordeid denne veka. Båten lå ved kai på Nordfjordeid frå morgon til kveld mandag 7. mars.
I alt 77 cruiseskipsbesøk er reservert i år, seier hamnesjef Arild Åshammer i Nordfjord Serviceterminal.
For neste år er det per i dag reservert omlag 85 cruiseskipsbesøk.
Raskt vekst
Nordfjordeid hadde sitt første cruiseskipsbesøk i 2019. Då kom 19 skip på besøk og la til ved flytekaia som passasjerarene brukar til å gå i land. Deretter kom koronapandemien, og korkje i 2020 eller 2021 kom det cruseskip på besøk.
I fjor kom 50 skip. Den første reservasjonen for plass ved cruiseskipskaia i 2026 kom i går, og Åshammmer trur veksten vil halde fram også etter 2024.
Startpunkt
Ein av årsakene til at det er satsa på å gjere Nordfjordeid til cruisehamn er at den kan vere eit utgangspunkt for sightseeingsturar både innover og utover i fjorden, og også over til Hellesylt der turistane kan ta ein båttur på Geirangerfjorden.
Om det ikkje er plass til cruisebåtar i Geiranger eller i Olden kan turistane få oppleve dei områda med utgangspunkt på Nordfjordeid.
Les også
Det ser lysare ut for Seawalk-satsinga i Geiranger og Nordfjordeid etter to år med pandemi-minus.
Seinast frå 2023 skal Nordfjordeid ha klart landstraum-anlegg for cruiseskip.
Seawalk Nordfjord skal samarbeide med BKK og Bergen Havn-selskap.
Souvenirselskapet Vinjenaustet har etablert seg på Nordfjordeid.
Publisert: 08.03.2023 09:00
Sist oppdatert: 08.03.2023 09:01