Geiranger vil bli elbuss laboratorium
SPORLAUS FERDSEL: Geiranger profilere seg som eit miljøvennleg turismål, med slagordet sporlaus ferdsel. Mellom anna er målet å erstatte bussar med forbrenningsmotor med el-bussar.
Nytt

Geiranger vil bli elbuss-laboratorium

Neste år skal den første el-bussen klatre oppover fjellsidene i Geiranger.

20.01.2014
- Får du det til her, får du det til over heile verda, seier Katrin Blomvik, direktør for Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv og leiar for prosjektet Grøn Fjord 2020.
Bussar med elektrisk motor er allereie under utprøving i Alpane. Blomvik vonar at den første elektriske bussen kan starte testkøyring i Geiranger i 2015.
I høgsesongen går det dagleg mellom 50 og 90 bussar gjennom turistbygda berre for å frakte cruiseturistar som vil sjå seg om på land.
Skal Geiranger markere seg som eit fyrtårn i miljøvenleg turisme, må mellom anna utsleppa frå bussane bort.

Testarena

I første omgang ser Blomvik for seg at det blir sett inn ein eller to bussar med el-motor i Geiranger.
Det er ikkje realistisk å vente at eit kommersielt buss-selskap vil investere i mange el-bussar før teknologien er skikkeleg testa, i følgje ho. Men klimaet, avstandane og den store høgdeskilnaden, gjer at bussleverandøren som lukkast her vil få ein glimrande referanse med internasjonal verdi, meiner ho.
Blomvik satsar på at buss-leverandørane let seg freiste til å teste ut el-bussar i Geiranger, og satsar også på at det er støtte å hente gjennom Transnova. Transnova er eit offentleg organ, knytt til Statens Vegvesen, som er oppretta for å støtte utvikling av klimavenlege transportløysingar.

Rivande utvikling

Det er stor interesse for utvikling og bruk av elektriske bussar, både frå produsentar og transportselskap, i følgje administrerande direktør Per Dag Nedreberg i Vest Buss i Stryn. Selskapet er forhandlar av bussar frå det italienske selskapet Iveco.
Mellom andre er Kina langt framme når det gjeld utvikling av elektriske bussar, for å kunne bøte på landet sine store lokale forureiningsproblem.
Men førebels er elbussar i ein utviklingsfase, slik Nedreberg ser det. I første omgang trur han hybridbussar, som kombinerer el-drift med gass- eller dieselmotorar, vil ta over for reine forbrenningsmotorar.

Verdsarvområde

Saman med Nærøyfjorden i Sogn har Geirangerområdet status som verdsarvområde. Det betyr restriksjonar for å ta vare på kulturlandskap og naturområde, men og ein status som turistnæringa i Geiranger vil snu til sin fordel.
- Å vere innovative og markante vil skape ein merkevare, seier Sindre Mjelva, hotelldirektør og medeigar i Union Hotel i Geiranger.
Han meiner verdsarvstatusen kan vere med å gjere Geiranger til eit attraktivt turistmål også om vinteren. Eit vinterbesøk på 40 prosent av nivået under toppsesongen på sommaren er råd å oppnå, meiner han.
Onsdag 23. og torsdag 24. januar er han vert for Grøn Fjord-konferansen 2014. Dit kjem mellom andre borgarmeister Peter Brandauer frå landsbyen Werfenweng i Austerike - ei bygd med turistrafikk på storleik med Geiranger - som har satsa tungt på å profilere seg som eit miljøvenleg reisemål.
Å vere innovative og markante vil skape ein merkevare

Publisert: 20.01.2014 18:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30