Geirangerbakaren vil utvide
I GARASJEN: Bakar Jan Egil Vikestrand starta i garasjen heime i Geiranger, men måtte skaffe seg ekstra kapasitet allereie andre driftsår. No vurderer han ny utviding, i Ørsta/Volda eller i Ålesund.
Nytt

Geirangerbakaren vil utvide

Før august er omme har bakar Jan Egil Vikestrand seld meir brød og bollar enn han gjorde i heile 2016.

22.08.2017
- Vi er strengt tatt der vi var i fjor, og enno har vi mykje att av året, seier Jan Egil Vikestrand om driftsinntektene i år.
Han etablerte Geiranger Bakeri våren 2015. Første året var driftsinntektene 1,2 millionar kroner, i fjor var det 4,9 millionar kroner og i år blir det altså ny rekord igjen.
I Geiranger er det trangt om plassen, og Vikestrand har bygt om garasjen til bakeri. Men kapasiteten i garasjen er ikkje stor nok til å dekkje etterspørselen og i fjor kjøpte han eit bakerianlegg i Ørsta for å få meir kapasitet. Same år vart han og kafeeigar i Volda.

Ser etter nytt

Det er framleis Geiranger og sommarsesongen der som er hovudmarknadene. Også ein del av det som blir baka i Ørsta blir sendt til Geiranger.
Men Vikestrand vil utvide verksemda også utanom toppsesongen. Straks innspurten i turistsesongen skal han sette seg ned og vurdere å ta neste steg, som er eit kombinert bakeri og bakeriutsal.
I staden for å ha bakeri i Ørsta og kafe i Volda vil Vikestrand samle alt på ein plass og la kundane få kjensla av å sitte i bakeriet medan dei tek seg ein matbit. Han vil og satse på å tilby bakekurs og lokale for frukostmøte på den nye plassen. Kvar det blir er ikkje avgjort, men det står mellom Ørsta/Volda eller Ålesund, seier Vikestrand.

Store investeringar

Både 2015- og 2016-reknskapet er prega av at selskapet er under oppbygging, i følgje Vikestrand.
Det er det framleis, men den sterke salsauken gjer at bakeriet kjem ut i pluss i 2017, slik det ser ut no.
Dessutan har bakeriet i år ikkje dei store investeringane som etableringa i Ørsta/Volda kravde i fjor.

Publisert: 22.08.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13