Gir opp buplikt for ny toppsjef
UT PÅ BYGDA: Eit klart ønske om at toppsjefen i Ekornes skal busetje seg i nærleiken av hovudkontoret på Ikornnes (bildet) har gjort det vanskeleg å skaffe ny sjef etter Nils-Fredrik Drabløs. Leiarar busette på Austlandet vegrar seg mot å busetje seg på bygda.
Nytt

Gir opp buplikt for ny toppsjef

Styre og tilsette i Ekornes må fire på kravet til buplikt for ny toppsjef.

Ivar Myklebust Longvastøl
17.11.2013
I snart eitt år har styret i Ekornes ASA leitt etter ein erstattar til Nils-Fredrik Drabløs (69) utan å finne ein ny toppsjef i konsernet.
No gir styret og tillitsvalde opp kravet om buplikt på Sunnmøre for den nye leiaren i håp om å få ja frå den rette kandidaten.

Krav: Glødande interesse

- Vi ønskjer at ein ny leiar skal bu her, men med 150 reisedagar i året, vil vedkomande uansett ikkje vere her i Sykkylven heile tida, seier Asbjørn Sjåstad (50), hovudtillitsvald for kring 1000 tilsette på dei tre Ekornes-fabrikkane i kommunen.
- Det viktigaste er ei glødande interesse for Ekornes og for kulturen og arbeidsplassane her. Dette er viktig også for Grodås, Hareid og Fetsund, seier Sjåstad.

Må ha jobb til ektefelle

Tone Helen Hanken (51) representerer dei tilsette i styret i Ekornes ASA og som medlem av tilsetteutvalet har ho også vore med å intervjue aktuelle kandidatar. Ganske mange, utan at ho vil talfeste det.
Hanken stadfester at styret etter ei stund måtte gå bort frå eit sterkt ønske om at den nye sjefen skulle busetje seg på Sunnmøre.
- Kvalifikasjonar går framfor buplikt, seier ho.
- Også jobb til den betre halvdel har vore avgjerande, og det kan vere vanskeleg å finne ein jobb her som kan matche den jobben ektefelle eller sambuar har i dag, utdjupar Hanken.

Ny sjef til jul?

- No har Nils-Fredrik Drabløs vikariert i nesten eitt år, når kan den nye sjefen vere på plass?
- Det er vanskeleg å seie, men det kan vere håp før jul, seier Tone-Helen Hanken.
- Så då blir det ny sjef i julegåve til 1600 medarbeidarar?
- Det vert kanskje mest ei julegåve til Nils-Fredrik, he-he, seier Hanken.

Drabløs har anna å gjere

Nils-Fredrik Drabløs var administrerande direktør i Ekornes ASA frå 1996 til 2009, då Øyvind Tørlen tok over. Tørlen gjekk på dagen i desember i fjor etter usemje med styret og Drabløs vart henta inn igjen som toppsjef.
- Kor lenge vert du sitjande?
- Styret kan ikkje rekne med at eg sit her eitt år til. Eg fyller 69 i desember og har mykje anna eg skulle ha gjort, seier Nils-Fredrik Drabløs og fortel at han har eigedomar å ta hand om.

Buplikt er ei hindring

Drabløs legg til at det ikkje har mangla på kandidatar, men at ønsket om buplikt i Sykkylven eller ålesundsområdet er ei hindring.
Han uttalte nyleg til at det er vanskeleg å rekruttere toppleiarar utanfor det sentrale Austlandet.
Asbjørn Sjåstad understrekar at ein ny sjef best tileignar seg kunnskap om bedrift og kultur ved å bu på Sunnmøre, men at han har tillit til at styret finn den beste løysinga og den beste kandidaten.

Internasjonal erfaring

- Kva eigenskapar må ein ny konsernsjef ha?
- Vedkomande må ha internasjonal erfaring og vere klar og tydeleg. God kommunikasjon med dei tilsette er avgjerande. I Ekornes har vi erfaring med å dra lasset i lag, og ein leiar må kommunisere godt med alle ledd, seier Sjåstad.
Han får støtte frå styremedlem og leiar i Sykkylven Trearbeidarforeining, Tone Helen Hanken.
- Marknadsorientering, internasjonal erfaring og vilje til å lære seg kulturen her, men først og fremst kunne kommunisere med folk uansett kva plass dei har i organisasjonen, seier ho.

Rosar Drabløs

Tillitsmannen seier at Nils-Fredrik Drabløs er ein nøkkelperson i bedrifta, kanskje den viktigaste personen dei siste 20 åra.
- Nils-Fredrik kom inn som viseadministrerande direktør saman med Jens Petter Ekornes tidleg på 1990-talet, og dei gjorde kvarandre gode. Nils-Fredrik er avgjerande for at Ekornes har vorte det det er i dag, seier Asbjørn Sjåstad.
- Han har gjort ein durabel jobb, supplerer Tone Helen Hanken.
Styreleiar Olav Kjell Holtan (62) i Ekornes ASA har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.


Styret kan ikkje rekne med at eg sit her eitt år til

Publisert: 17.11.2013 18:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30