– Alt for mange er i utanforskap
Kampen for å få flest mogleg i arbeid har kanskje aldri vore viktigare. Gunvor Ulstein meiner arbeidslivet risikerer å gå glipp av praktikarane.
«Hernes må fjernes» laud taktfaste rop frå studentar på starten av
1990-talet. Om lag like lenge har Gunvor Ulstein hevda eit meir
likeverdig syn mellom yrkes- og allmennfag. At yrkesfag i seg sjølv er
godt nok.
Ikkje minst er ho motstandar av at «alle» unge treng høgare akademisk utdanning.
– Eit land kan ikkje leve av å ha berre folk med høgare utdanning. Viss vi skal bli noko anna enn eit land som kjøper arbeidskraft av andre, må vi ha eit mangfald av arbeidarar, seier Ulstein.
Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.
Eit land kan ikkje leve av å ha berre folk med høgare utdanning
Teoritrøytte kan bli fantastiske fagarbeidarar
Ap
sin næringspolitiske talsmann Per Vidar Kjølmoen er mellom tilhøyrarane
når Gunvor Ulstein kjem med utfallet mot Reform 94 under eit besøk ved
Ulstein verft.
Sjølv om det er gjort fleire grep for å få til smidigare utdanningsløp dei siste åra, tek han ikkje sin gamle partikollega Gudmund Hernes i forsvar. Kjølmoen meiner tvert imot den mangeårige bedriftsleiaren har fleire gode poeng.
– Det er mange teoritrøytte gutar som kan bli fantastiske fagarbeidarar. Og så møter dei berre teori første året på vidaregåande, seier Ap-politikaren ein smule oppgitt.
Stortingspolitikaren peiker på at regjeringa sin kompetansereform skal gjere utdanninga meir fagnær - og forhåpentleg spennande for fleire grupper.
Trenden har snudd – men behovet er stort
Også
den førre regjeringa delte ønsket om fleire fagarbeidarar og trenden dei
siste åra har snudd. Fleire unge vel no yrkesfag og Møre og Romsdal var
i landstoppen med 61 prosent søkarar til desse linjene i 2022.
Variasjonen er stor. I Oslo var det berre kring 25 prosent av elevane
som søkte yrkesfag.
Kring halvparten av bedriftene i ei Menon-undersøking i Møre og Romsdal fortalde at dei allereie opplever stor, eller svært stor mangel, på kompetanse og personar med relevant fagbrev.
Nær 80 prosent av bedriftene trur dei vil ha fleire tilsette i 2030. Rapporten spår at teknologi- og industrifag vil vere det største behovet i bedriftene, medan det offentlege har størst behov for helse- og omsorgsarbeidarar.
Oppteken av «drop-outs»
Mangeårig
Ulmatec-sjef Håvard Myrene var sjølv ein av dei som i dag kunne bli
sett på som «skuletrøytt». Han meiner det var mykje bra med korleis
arbeidslivet fungerte for denne gruppa for eit par generasjonar sidan.
– Eg har alltid vore oppteken av det vi omtalar som «drop-outs». Tidlegare kunne ein ungdom som hadde fått nok av skule, forsøke seg i det praktiske arbeidslivet. Så kunne dei velje retning og utdanning etterpå, fortel han.
– I dag blir fleire tvinga inn i eitt spor
Myrene
trur det gjorde at fleire av «dei gode hovuda» valte yrkesfag. I dag
set arbeidsmiljølova ein stoppar for at til eksempel ein 16-åring kan ta
seg arbeid på eit skipsverft, eller anna mekanisk industri for å få
fullverdig arbeidserfaring.
– I dag blir fleire tvinga inn i eitt spor der dei skal gjennomføre skulegang heilt fram til 18-19 årsalderen, seier Myrene.
Han trur mange kunne gjort eit anna val om dei i større grad hadde vore innom praktisk arbeid i ungdomsåra.
I dag blir fleire tvinga inn i eitt spor der dei skal gjennomføre skulegang heilt fram til 18-19 årsalderen
– Min påstand er at du aldri får ein betre ingeniør, enn dei som også har ei fagutdanning i botnen. Det har å gjere med «touch and feel» og forståing for alt frå dimensjonering av mekaniske konstruksjonar, til funksjonen av desse i ulike samanhengar, seier Myrene.
Ulmatec-toppen fortel at noko av deira største utfordring er å finne folk med relevant kompetanse innan mekanisk konstruksjon og elektro/automasjon. Han ønsker difor ei meir pragmatisk innstilling til å få unge inn i ulike yrke – og få dekka behovet for arbeidskraft.
Det siste er musikk i øyrene til Gunvor Ulstein: – Alt for mange er i utanforskap og vi er nøydde til å gjere noko med det, held verftseigaren fram.
Med utfordringane som ligg føre blir det desto meir viktig å ta i bruk alle delar av befolkninga. I tillegg til at det er god samfunnsøkonomi, er det mykje god folkehelse i ei befolkning i arbeid.
– Noko av den største utfordringa slik eg ser det, er at det står 600.000 - 700.000 menneske utanfor arbeidslivet i dag i arbeidsdyktig alder, seier ho.
Ulstein peiker på at det er betre at ei bedrift nyttar 20-30 prosent av arbeidskrafta til ein person, enn at vedkomande skal vere heilt arbeidsufør.
– Vi er moglegheitenes land, men det er ikkje for alle. Samtidig må det ikkje bli greitt å ikkje bidra til fellesskapet, legg ho til.
Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.
Publisert: 31.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 30.12.2022 17:33