Remøy land
FØR AVREISE: Mannskapet på DS «Remøy» klare for avreise til fangstfeltet i Kvitsjøen. Foto: Privat
Nytt

Gislar i Arkhangelsk

Sjansen til å ta ein stor selfangst var så freistande at sunnmørske fangstmenn ikkje ville la den gå frå seg. Dermed enda dei i fleire månadars fangenskap hos det ferske sovjetiske kommunistregimet.

22.05.2021

Over 40 norske selfangarar vart haldne som gislar i fleire månader i den russiske byen Arkhangelsk i 1921, kort tid etter at bolsjevikane hadde teke makta i byen. Dei fekk oppleve matmangel, menneskelege tragediar og summariske avrettingar, men også kino, teater og jamvel ekteskap.

Arkhangelsk og området rundt var eitt av dei siste som kom under kontroll av bolsjevikane, det skjedde faktisk berre eit par månader før dei norske sjøfolka vart tvungne inn i byen. Det var ein by i fullt kaos som møtte nordmennene.

Nordmennene, fleirtalet av dei frå Sunnmøre, var mannskap om bord på tre selfangstskuter, som vart tekne i arrest av den sovjetiske kystvakta under fangst i Kvitsjøen. Dei nye styresmaktene i Russland, eller Sovjetunionen som det no heitte, hadde bestemt seg for å skjerpe inn kontrollen av utanlandske fiske- og fangstskip som opererte i Kvitsjøen.

Kraftig vind og hard kulde
I april var ishavsskuta DS «Remøy» frå Remøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal godt i gang med fangsten av sel i det dei rekna som internasjonalt farvatn i Kvitsjøen, saman med fleire andre norske selfangstskuter.

Det var i periodar tøffe forhold med både kraftig vind og hard kulde. «Remøy» vart fleire gonger liggjande fast inn i isen, og dei var nær på å havarere på grunn av ising.

Det gjekk ikkje likare til enn at dei vart tekne i arrest. Etter mykje dramatikk vart dei tre norske skutene, i tillegg til «Remøy» også «Kap Flora» frå Fosnavåg og «Polargutten» frå Tromsø, eskorterte inn til Arkhangelsk. Då var det blitt 1. mai 1921.

Peder Strømme (1894–1977) frå Sykkylven var mannskap om bord på «Remøy». Han var nygift og reiste ut for å tene pengar, slik at han og kona Emma kunne kjøpe seg ein gard i heimbygda. I eit lydbandintervju med lærar Jostein Drabløs eit par månader før han døydde, fortalde Strømme levande om dei dramatiske opplevingane i Kvitsjøen og Arkhangelsk.

Då russarane såg oss, skulle dei knipe oss. Vi gjekk ut av isen og langs kanten. Hadde vi gått vestover, hadde vi kome unna. Men så kom vi forbi eit digert isflak som var svart av sel. Vi skaut over 700 dyr. Desse ville vi ha med før vi reiste frå feltet. Då var det at vi vart for seine, ser du.
Peder Strømme (1894–1977) frå Sykkylven

Han fortel at dei i løpet av kort tid hadde teke om lag 5000 dyr, og at dei eigentleg var nøgde med fangsten.

«Men då russarane såg oss, skulle dei knipe oss. Vi gjekk ut av isen og langs kanten. Hadde vi gått vestover, hadde vi kome unna. Men så kom vi forbi eit digert isflak som var svart av sel. Vi skaut over 700 dyr. Desse ville vi ha med før vi reiste frå feltet. Då var det at vi vart for seine, ser du. Russarane sette ein lettbåt med fem-seks mann på sjøen. Karane hadde børser. Dei saumfór under dekk. Det såg ut som om dei ville drepe skipperen. Til sjuande og sist kom dei med tamp for å ta oss på slep».

«Polargutten» prøvde å kome seg unna før også dei vart borda. Skipperen gav ordre om full fart for å kome unna den militære isbrytaren, men motoren tolte ikkje hardkøyret og havarerte. «Kap Flora» låg fastfrosen i isen og kom seg ikkje av flekken.

Måtte kutte slepet
Det var tøffe tak også då «Remøy» vart borda. Soldatane konfiskerte våpena dei hadde om bord, og under tauinga oppstod det fleire dramatiske situasjonar. Som då isbrytaren sette opp så stor fart at kapteinen på «Remøy» var redd dei skulle bli trekt ned og gå under. Då fekk Peder Strømme ordre frå kapteinen om å finne ei øks og kutte slepet.

Dette skjedde fleire gonger, men det var lite forståing å hente frå dei russiske soldatane om bord.

« Nei, farr, dei brydde seg ikkje. Dei var så tjukke i haudet, ser du .

Brudebilete av Peder og Emma Strømme foto privat
Brudebilete av Peder og Emma Strømme. Ikkje så lenge etter etter bryllaupet reiste Peder på selfangst til Kvitsjøen for å tene pengar til å kjøpe gard, men utbyttet frå turen til Kvitsjøen vart magert.. Foto: Privat

Situasjonen var så spent, at mannskapet diskuterte seg i mellom om dei skulle gå skikkeleg drastisk til verks.

«Vi tenkte på å rømme. Og vi snakka om å kakke karane, dersom mørkeskodda heldt seg. Men kapteinen sa at vi måtte vere forsiktige. Han trøysta oss så godt han kunne. Skodda letta. Vi røyvde ikkje dei russiske vaktene. Hadde så gale hendt, hadde vi ikkje sett att heimlandet, ser du. Ikkje forpinnja».

Uttrykket å kakke vart ofte brukt når det gjaldt å ta livet av dyr.

Dei tre norske båtane fekk ikkje lov å forlate Arkhangelsk, men mannskapet kunne gå i land på eige ansvar. Det var mange inntrykk å fordøye for ein ung, nygift mann.

«Ein sundagsmorgon var kaia peisfull av folk. Nokre svima av, andre hauka og skreik. Russarane hadde vore ute i landdistrikta og sanka folk. Offera vart dregne halvnakne ut av senga. No stod dei der i skjorte og underbrok. Åtte mann skulle sendast vidare i flatbotna båt gjennom kanalane heilt til Petrograd, der dei skulle skytast».

Petrograd skifta seinare namn til Leningrad, etter den store revolusjonsleiaren. Etter at kommunistregimet fall, vart namnet endra til St. Petersburg.

«Fanget i polarisen»
Forskaren Svend Otto Remøe (68) er barnebarnet til ein av dei som også var med på turen, Sverre Remøy. Han har skrive boka «Fanget i polarisen – den dramatiske historia om DS «Remøy» .

Sjølv er han oppvaksen i Bærum, men har vore mykje hos familien på Remøya opp gjennom åra. Han skildrar inngåande det politiske spelet som gjekk føre seg i kulissene etter at dei tre selfangstskutene vart tekne inn til Arkhangelsk.

I tillegg fortel han også om det bestefaren, som også var deleigar i fartøyet, og dei andre selfangarane opplevde i dei dramatiske månadene i Kvitsjøen og i Arkhangelsk.

Remøe fortel at norske styresmakter var orienterte av dei nye makthavarane i Moskva om at dei ville handheve grensene sine strengare i Kvitsjøen. Dei likte dårleg at norske skip tok så mykje sel i deira nærområda, og det var også mange utanlandske fiskefartøy i området.

Denne informasjonen hadde også gått til reiarlaget, opplyser han.

- I boka mi prøver eg å skildre det store biletet rundt som påverkar utfallet av arrestasjonane. Den vanskelege situasjonen etter første verdskrigen, revolusjonen og borgarkrigen i Russland, der det gamle tsarregimet fall. Det førte også til at gamle avtalar ikkje lenger var gjeldande. Det vart også så godt som slutt på den såkalla pomorhandelen mellom Noreg og Russland, seier Svend Otto Remøe.

Gjennom pomorhandelen fekk russarane mykje fisk og sjømat frå Noreg, og jernmalm og trelast gjekk motsett veg. Også andre land, særleg Storbritannia, hadde sterke økonomiske interesser i landet. Revolusjon og borgarkrig gjorde at det vart stans i handelen med utlandet, og det førte blant anna til ein enorm matmangel i det enorme russiske riket.

- I april 1921 var forhandlingane mellom Noreg og Russland om ein handelsavtale komne i gang igjen. Overraskande nok hadde Storbritannia inngått ein avtale med dei nye makthavarane i Russland månaden før, overraskande fordi britiske soldatar faktisk støtta tsarregimet i kampen mot bolsjevikane.

Konfliktar også i Noreg
Remøe fortel at på denne tida var djupe konfliktar også internt i Noreg. Vi hadde ei konservativ regjering som var skeptiske til å inngå avtalar med kommunistregimet, og det var mange norske næringsdrivande som var forbanna det nye regimet i Russland fordi på dei nye makthavarane fordi dei konfiskerte privat eigedom i stor stil.

Våren 1921 var det vanskelege økonomiske tider her i landet, som igjen førte til ein storstreik sett i verk av ei radikal arbeidarrørsle.

Det vart likevel starta forhandlingar, og det er ifølgje Remøe liten tvil om at russarane brukte sjøfolka i Arkhangelsk som eit forhandlingskort. Noreg fekk ei ny Venstre-regjering 22. juni dette året, og både utanriks- og handelsministeren prøvde å mjuke opp forholdet til det nye regimet.

- Russarane stod hardt på at dei ikkje ville setje selfangstskutene fri før ein handelsavtale var klar, og dei ville heller ikkje kutte i bota til skipper og reiarlaget. Dei kravde 10.000 gullrublar for kvar båt. Men då det endeleg kom til ein avtale, så vart bøtene sletta og dei tre skipa kunne vende heimover igjen, seier Svend Otto Remøe.

Mannskapet fekk reise heim alt i månadsskiftet juni/juli, men kapteinane måtte bli igjen heilt til handelsavtalen var i boks. Då kom det nytt mannskap frå Noreg for å vere med dei tre selfangstskutene heim.

Svend Otto Remøe skriv dette i boka: «Terroren var utbreidd, og Arkhangelsk gjekk for å vere verst av alle byane i det russiske riket. Arkhangelsk, byen til Erkeengelen, vart på folkemunne etter kvart kalla Dødsbyen.

Arrestasjonar og avrettingar auka, såkalla revisjonistar vart skotne utan rettargang. Og hadde dei born, risikerte dei også å bli tekne av dage.

Store norske leksikon (snl.no) seier dette om revisjonisme: Ei retning innan arbeidarrørsla som ville revidere marxismen, og som la grunnlaget for sosialdemokratiske parti.

Men verst av alt var matmangelen, det var regelrett hungersnaud. Etter at bolsjevikane fekk kontrollen i Arkhangelsk ramla dei gamle forsyningsrutene og infrastrukturen saman.

Remøe skildrar eit fotografi som sirkulerte i Russland på den tida. Biletet var av ei gruppe menneske kledde i mørke, lasete og fillete klede, som kika ned på restar av menneske på bakken. Skamma lyste ut av ansikta deira, og blikka romma alt det eit menneske ikkje skal ta inn over seg: å ha ete eit anna menneske.

«Daudeferdig av svolt»
Det var vanskelege tider i Arkhangelsk då dei norske sjømennene var ufrivillige «turistar» i byen. Matmangelen som herja kom også til å prege nordmennene, slik Peder Strømme fortel:

«Å du slette tid kor svart det såg ut for oss somme tider. Ein gong stod eg og ein av dei andre frå mannskapet opp klokka fire om natta, daudeferdige av svolt. Bak i gangen stod det ei salttønne. Min santen, vi fann ein spekkmole, han var omtrent som flesk, ser du. I tillegg fann vi ein liten mygla brødbit. Verste svolten vart lindra».

Remøy isen2
TØFFE TILHØVE: Det var ofte dramatisk i skruisen i Kvitsjøen. Fangsten var god for selfangarane frå Sunnmøre, men sovjetiske styresmakter tok beslag i fangsten..

Men alt var ikkje berre svart, det var også nokre små lyspunkt:

«Russarane kunne vere hyggjelege også. Første kvelden kom dei og henta oss til teater. Det var flotte saker. I pausen kunne du gå rundt i den lekre korridoren og ta deg ein røyk. Det var til og med mat, syltynn te og beksvarte kaker. Andre kvelden kom dei igjen og ville ha oss med i teater. Dei var trottige med dette. Teater og kino, det var om og gjere å presse kommunistvit inn i folket, ser du».

Peder Strømme og dei andre frå mannskapet var mykje i land. Dei vart kjende med familien til ein rik skipsreiar, som hadde slått seg opp på pomorhandel med Noreg. Dei nye makthavarane hadde nyleg konfiskert huset til familien, og dei var sjølve forviste ned i eit kjellarrom.

«Smeiste åt og gifte seg»
Dette fortalde Peder over 50 år seinare:

«Eg kan fortelje om to døtrer etter ein rik skipsreiar. Dei var fråtekne det flotte huset sitt. Damene heldt til nede i eit kjellarrom. Makthavarane hadde skote faren for lenge sidan. Damene var godt opplyste, dei kunne gjere seg forstått på engelsk. Mora ville betale 28.000 til den som kunne få ei av døtrene ut av landet. Ein av karane smeiste åt og gifte seg med den eine».

Svend Otto Remøe fortel at ifølgje det bestefaren hans skreiv ned frå hendingane, så levde også faren i familien. Han stadfestar likevel historia om at ein av mannskapet gifte seg med den eldste av døtrene, Serafina, som eit reint proformaekteskap slik at jenta skulle kom seg ut av Russland.

Dei nye makthavarane såg ikkje med blide auge på kapitalistar. Familien hadde verdiar i Frankrike, og broren hennar, som var offiser, hadde greitt å flykte til Austerrike.

Peder Strømme var ikkje sjølv med då ekteskapet vart inngått, men fekk det fortalt av ein kamerat som var med som vitne. Kapteinen på «Remøy», som i kraft av stillinga si også hadde prestefullmakter, vigde paret saman med ein russisk ortodoks prest. Slik skildrar Peder det:

«Den norske konsulen var reist, men dei fekk bruke husværet hans til bryllaupsfest. Det var både vodka og mat. Eit par karar frå mannskapet på «Remøy» var med som vitne. Brura hadde med seg mor og eit par slektningar. Ein russar med kolsvart munkeskjegg las frå ei tjukk bok. Etter ei lita stund la han bort boka og rulla seg ein røyk».

Dårleg stemning på Remøya
Han som gifte seg med Serafina heitte Johan. Han var trulova med ei jente frå Remøya, som til alt overmål var gravid. Det skulle skape problem då han kom tilbake til heimstaden saman med den russiske riksmannsdottera.

Det drog ut med å få oppheva proformaekteskapet, og derfor måtte bryllaupet hadde planlagt med jenta han var trulova med, utsetjast til det var i orden. Og det vart stadig vanskelegare for henne å skjule korleis det var fatt med henne.

Det blir fortalt at kvinnene på Remøya ikkje likte situasjonen, og at mange skulda Johan for å ha gjort dette for pengane si skuld.

Serafina vart innlosjert hos eit barnlaust ektepar, i eit hus familien til Svend Otto Remøe brukte som feriehus heilt fram til for nokre få år sidan. På Remøya går det enno gjetord om ho som fekk tilnamnet «den russiske prinsessa». Ho skal ha vore svært vakker. Då papira var i orden etter nokre månader reiste ho frå bygda.

- Det er ingenting i det materialet eg har funne, som tyder på at ekteskapet mellom Johan og Serafina var noko anna enn reint proforma, seier Remøe.

Han var fortel at det barnlause ekteparet ho budde hos vart svært glade i den russiske jenta, men at ho var prega av å sakne familien sin i Arkhangelsk. Ho var til tider deprimert. Ho tok seg også nær av at mange av kvinnene på Remøya ikkje likte at ho var der, at dei ikkje hadde forståing for kor desperat situasjonen var for henne i Russland

Ekteparet heldt kontakten med Serafina heilt fram til utbrotet av andre verdskrigen i 1939. Fram til då sende ho ei gåve til dei kvar jul. Så vart kontakten broten, og det er ingen i familien som har greidd å finne ut kva som skjedde med henne vidare.

«Vi tedde oss som røvarar»
Mannskapet på «Remøy», «Kap Flora» og «Polargutten» fekk reise heim etter to månader, og Peder Strømme fortel det slik:

«Etter rundt åtte veker fekk vi endeleg lov til å reise. Vi var 42 matlause og svoltne karar som stemnde til Vardø på eit russisk skip. Vi fekk med litt brød til turen. Brøda var så svarte som dei skulle vore laga av mold. I havet utanfor Vardø kom doktoren oss i møte i eigen båt. Vi tenkte på mat, men han hadde berre med seg sigarettar.

Ferda tilbake til heimlandet var også strabasiøs, og matmangelen følgde dei framleis:

« Om morgonen klappa skipet til kaia i Vardø. Vi heiv sjømannssekkane på land og stupte inn på nærmaste kafe. Tallerkane for nesten ned i lag med skiver og wienerbrød. Vi tedde oss som røvarar. Eit par mann måtte pumpast den kvelden».

Dei sovjetiske styresmaktene tok beslag i heile fangsten dei hadde om bord på skipa, så fangstturen til Kvitsjøen vart ikkje lukrativ for korkje reiarane eller mannskapet.

«Vel heime kunne eg gjere opp status. Eg hadde tent 65 kroner det siste halvåret. Det var ikkje rare greiene for ein nygift mann».

Peder Strømme valde å reise til Amerika for å tene pengar. Han var på diverse arbeid der frå 1922 til 1928, så kom han heim og kjøpte seg ein gard. Han var kjend for å vere ein svært flink gardbrukar, og han hadde ord på seg på å god greie på hestar. Elles var han ein sosial og jovial kar, kjend for å vere ein glimrande historieforteljar.

Vart aldri kommunist
Kommunist vart han aldri etter opplevingane i Sovjetunionen. På midten av 1950-talet var det valkamp til det komande stortingsvalet. Ein mann frå Norges Kommunistiske Parti (NKP), Ivar Heggen, heldt eit valmøte i Sykkylven, der han snakka varmt om kor bra det var i det kommunistiske Russland.

Då reiste Peder Strømme seg og sa på brei dialekt. : Eg skal seie deg ein ting, Heggen. Eg har flakka ein del rundt i verda, også i Russland. Der arresterer dei folk på gata. Dei tek frå dei lommeuret og kjeda. Så lempar dei eit fangen halm inn på golvet, og deretter arrestanten.

Det blir fortalt NKP-representanten vart heilt taus etter tiraden frå den tidlegare selfangaren.

Publisert: 22.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 21.05.2021 22:50