Karsten Warholm - Kristine Haddal - Leif Olav Alnes - Foto NRK/Erik van Leeuwe GNU
FAMILIEBEDRIFT: Inntektene til OL-meister Karsten Warholm sitt selskap gjorde eit solid inntektshopp allereie i fjor. Etter årets sesong med OL-gull, vil pilene truleg peike vidare oppover for selskapet som sysselsett mora Kristine Haddal og trenar Leif Olav Alnes. Foto: NRK/Erik van Leeuwe GNU
Nytt

Gjorde inntektshopp utan meisterskap

Pilene peika rett opp for Karstein Warholm sitt familieselskap i fjor.

Marius Rosbach
28.09.2021

Friidrettsutøvaren Karsten Warholm sitt selskap Sunn Vekst auka inntektene med meir enn 50 prosent – frå 3,6 til 5,6 millionar i 2020.

Det kjem fram i rekneskapen som no er lagt fram.

Dei første pengane starta å rulle inn på konto til selskapet med adresse i Ulsteinvik i 2019. Sjølv utan noko større meisterskap i pandemiåret 2020, blei det solid vekst – og lønnsemd (sjå tabell under).

Årsrapporten viser at selskapet fekk finansinntekter på nær 1,4 millionar i fjor. Det blei teke ut lønn og ytingar på til saman tre millionar i løpet av 2020.

(saka held fram under)

Sunn Vekst AS

Årsresultat (i mill kr)


2020

2019

Driftsinntekter

5,6

3,6

Driftsresultat

0,8

0,6

Res. før skatt

0,8

0,6

Firmaet er på fleire vis ei familiebedrift der Kristine Haddal – mora til Karsten – er dagleg leiar. Regnskapsføringa står mormora for og Karsten Warholm eig alle aksjane.

Selskapet har tre årsverk, Karstein sjølv, mora Kristina og trenar Leif Olav Alnes. Kristine Haddal opplyser i ei tekstmelding til NETT NO at det ikkje er planar om nokon endringar i drifta for augneblinken.

Inntektene til den ferske OL-meisteren kjem på ulike vis, både i form av utstyrsavtaler, sponsoravtaler, inntekter frå friidrettsforbundet og Olympiatoppen - og bonusavtalar frå ulike arrangørar og startpengar.

Etter årets sesong med OL-gull, vil pilene truleg peike vidare oppover for selskapet i 2021.

Publisert: 28.09.2021 10:58

Sist oppdatert: 28.09.2021 11:00

Mer om