Jobbar for stoerre fond for skraping av skip
MARITIM MELDING: Green Yard Kleven-sjef Kjetil Bollestad (t.v.), kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk frå Kongsberg Maritime og Olympic Subsea-reiar Stig Remøy gjer seg klare til direktesending om maritim melding tysdag. 
Nytt

Jobbar for større fond for skraping av skip

Stig Remøy er mellom dei som jobbar for ei kondemneringsordning med langt større musklar. Om dei lukkast, trur reiaren på nybygg neste år.

Marius Rosbach
08.12.2020

Tysdag blei stortingsmeldinga for maritim næring diskutert i ei frå mellom anne Green Yard Kleven i Ulsteinvik. Her kom det fram at det blir jobba med å opprette eit fond for å kondemneringsordning som er betydeleg større enn summen som ligg på bordet i dag.

I den maritime næringa har det vore ei oppfatning om at løyvinga på 150 millionar kroner er lagt inn i budsjettet i dag, ikkje er nok og at det trengst meir pengar for å få fart på utskiftinga, ikkje minst av supplyskip.

Vil ha med eigarar, kreditorar og staten

Olympic Subsea-reiar Stig Remøy har etter det NETT NO kjenner vore med å teke initiativ til eit slikt fond, som det no blir jobba med frå fleire partar. Han kom inn på saka under sendinga frå Kleven-verftet.

– Vi må få til eit kondemneringsfond der både eigarar, kreditorar og staten bidreg. Det vil gi fordelar for både reiarar som er i stand til å kontrahere nye skip og det vil gi aktivitet i heile det maritime miljøet med å resirkulere skip på ein miljøvennleg måte, sa Remøy.

Til NETT NO påpeiker han at alle må tene på ei slik ordning, både reiarane, verft, bankane og verkemiddelapparatet.

Varslar nybygg i 2021

Det blir diskutert ulike modellar for korleis eit slikt fond kan innrettast. Remøy meiner den planlagde samanslåinga av GIEK og Eksportkreditt gir moglegheiter til å tenke nytt, og gjere dette til ein meir slagkraftig eining.

Noko av den vesentlege problemstillinga blir kor «billig» staten slepp unna, samtidig som dei bidreg nok til at ordninga faktisk blir teke i bruk.

Remøy fortel at dei har vurdert om ordninga kan vere aktuell for Olympic-reiarlaget. Han vil først sjå korleis ordninga blir utforma, før han kan seie noko sikkert.

– Det viktigaste er at verkemiddelapparatet er til stades og at vi får til dei finansieringsordningane som er lagt inn i stortingsmeldinga. Om det blir gjennomført saman med desse endringane for GIEK, så kjem Olympic-systemet til å kontrahere båt i 2021, seier han til NETT NO.

Han vil ikkje seie kva for skip det er snakk om, men avslører at det ikkje dreiar seg om oljeservice. Reiarlaget har frå før vore tidleg ute med å satse i fornybarmarknaden.

Trur 50-60 skip må ut

Herøy-reiaren vil ikkje vere konkret på kor mykje pengar som må til i eit kondemneringsfond. Men han er overtydd om at ei slik ordning kan vere med å skape ei balanse i markanden og sørge for at fleire reiarar kan bestille nye båtar.

– Du vil få tilbake ratane, og du vil få reiarar som er i stand til å gå til verfta og bygge nye skip med nullutslepp. Men verkemiddelapparatet må fungere slik at skipa blir bygd i Norge, påpeiker Remøy.

Han anslår at det kan vere behov for å ta ut 50-60 skip i oljeservicenæringen, for å skape balanse i marknaden. Remøy viser til at også styresmaktene ved ei slik løysing vil få auka verdiane på skipa dei garanterer for.

Du vil få tilbake ratane, og du vil få reiarar som er i stand til å gå til verfta og bygge nye skip med nullutslepp

Publisert: 08.12.2020 15:47

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:24