Kleven verft maritim melding direktesending foto marius 11
MARITIM MELDING: Her intervjuar dagleg leiar Arnfinn Ingjerd verftsdirektøren ved Green Yard Kleven, då den maritime meldinga blei lagt fram i desember i fjor. Verftet er mellom dei som vil satse på resirkulering av skip. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Blir optimistisk når eg les dette

Maritimt Forum er positivt overraska over næringskomiteen sine synspunkt på den maritime stortingsmeldinga.

Marius Rosbach
15.04.2021

Før jul la regjeringa fram si maritime stortingsmelding, som no er behandla i næringskomiteen på Stortinget. Innstillinga frå komiteen blei klar onsdag kveld.

Dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest meiner det er fleire gode nyheiter sett frå den maritime bransjen på Nordvestlandet si side. Mellom anna set han pris på støtta til auka resirkulering av offshoreskip, og ei klar marsjordre til regjeringa om satsing på hydrogen og havvind.

Det blir også peika på at fylka skal få dekka kostnadene sine med å legge om til meir miljøvennlege ferjer og hurtigbåtar (sjå fleire punkt under).

– Vi i Maritimt Forum er samde om at det er veldig mykje positivt som kjem fram her, fortel Arnfinn Ingjerd til NETT NO torsdag.

Meldinga skal til behandling i Stortinget neste veke.

Trur på resirkuleringsfond
Ut frå merknadene til dei ulike partia trur Ingjerd det er gode moglegheiter for å få på plass eit resirkuleringsfond for offshoreskip, som nyleg blei lansert frå bransjen sjølv.

– Frp vil ha dette, medan resten av opposisjonen er litt meir forsiktige. Men slik eg les merknadene, så er det fleirtal på stortinget for ei slik ordning. Det blir nok krevjande, men eg blir optimistisk når eg les dette, fortel han.

I merknadene viser både Ap, Sp og SV til at det må sterkare lut til for å stimulere til resirkulering av slike skip, og at regjeringa sin politikk ikkje har vore kraftfull nok. Samtidig viser partia til kondemneringsordninga som regjeringa allereie er i gong med – og at regjeringa seinast i revidert statsbudsjett i mai må kome med eit forslag til korleis denne skal fungere.

Hydrogen- og havvindsatsing
Arnfinn Ingjerd peiker på at satsing på hydrogen og havvind kan vere svært avgjerande for å sikre aktivitet både hos reiarlag, verft og leverandørindustrien.

– Fleirtalet er veldig offensive på hydrogen og det er interessant for vår region der vi har lokale initiativ som mellom anna Flakk, Hofseth og Fiskerstrand står bak. Fleirtalet vil ha ei konkret satsing på infrastruktur, og det vil opne nye moglegheiter for maritim næring, seier Ingjerd.

Saknar tiltak for større verft
Alt er likevel ikkje berre rosenraudt. Maritimt Forum er skuffa over at det ikkje ligg inne forslag som betrar finanseringsmoglegheitene til dei store verfta. Bransjen lanserte nyleg eit forslag som mellom anna Ap og fleire parti ga si støtte til.

– Det står ingenting om dette, noko vi finn litt merkeleg. Det er nok den største nedturen etter første gjennomgang, men vi håpar at det kjem seinare, legg han til.

Endra næringspolitikk ved regjeringsskifte
Maritim Forum merkar seg også at standpunkta til partia viser at eit regjeringsskifte vil gi ein meir aktiv næringspolitikk. Ap har også lagt vekt på dette i sitt forslag til nytt partiprogram.

– Det er ein skilnad mellom den borgarlege sida og dei andre partia i kor mykje av staten sine musklar – eller rettare sagt pengar – som dei vil nytte til å hjelpe næringslivet, kommenterer Ingjerd.

Solberg-regjeringa har i hovudsak nytta seg av tiltak som er sokalla næringsnøytrale, medan det truleg er meir vilje hos opposisjonen til å lage ordningar for utvalde bransjar. Kva det eventuelt kan innebere vil truleg bli meir tydeleg etter Arbeiderpartiet sitt landsmøte som starta torsdag.

Les tilrådinga frå komiteen, merknader, forslag frå mindretal og hovudinnhaldet i meldinga (eksterne lenker)

Utval av de konkrete tilrådingane frå næringskomiteen:

  • Oppmoding om å lage ein nasjonal plan for å gjere tilgjengeleg landstraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff.
  • Sikre at det fylkeskommunale inntektssystemet kompenserer for meirkostnadene ved å ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologi på ferje og hurtigbåtar.
  • Utgreie handlingsrommet i EØS-avtalen for å plassere offentlege oppdrag ved norske verft. Her peikast det særleg på krav til standardar for utforming, utstyr, arbeidsspråk, lærlingar, HMS og krav om lokalisering og responstid.
  • Lage ei eksperteining for offentlege anskaffingar, plassert utanfor Oslo-regionen. Eininga skal hjelpe kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege aktørar i slike spørsmål.
  • Styrke tilskotsordninga for norske sjøfolk og gjere den meir føreseieleg gjennom lovfesting.
  • Starte arbeidet med å innføre krav om norske lønns- og arbeidsvilkår på passasjerskip som er i konkurranse med kystruta, transport av gods eller passasjer mellom norske hamner og skip som til dømes hotellskip.

Publisert: 15.04.2021 14:12

Sist oppdatert: 15.04.2021 14:17

Mer om