Møreaksen innfelt knut arild hareide illustrasjon rambøll Terje Pedersen NTB NPK 11
MØREAKSEN: Allereie før samferdsleminister Knut Arild Hareid (innfelt) la fram planen fredag, var det kjent at det blir løyvd 2,5 milliardar i første periode til Møreaksen. Illustrasjon: Rambøll / Terje Pedersen NTB NPK
Nytt

20 milliardar til Møreaksen: – Lytta til rådet frå det store fleirtalet i regionane

Svara om uroa kring trasevalet mellom Molde og Ålesund.

19.03.2021

(NPK-NETT.NO): Regjeringa lovar 20 milliardar kroner til bygging til ferjefri veg mellom Molde og Ålesund i Nasjonal transportplan for 2022-til 2033.

Møreaksen vil korte ned køyretida mellom Ålesund og Molde frå to timar i dag til ein time. Kryssinga av Romsdalsfjorden vil skje via undersjøisk tunnel, og det blir undersjøisk tunnel og hengebru på strekninga Solholmen-Mordalsvågen.

Under pressekonferansen fredag svarte samferdsleminister Knut Arild Hareide på spørsmål om uro kring trasevalet lokalt.

– Grupperingar vil vere ueinige, men dei regionale styresmaktene har vore tydelege i sine prioriteringar. Sjølv om det kan vere ulike vurderingar lokalt, har vi lytta til rådet frå det store fleirtalet i regionane, sa Hareide.

– Gammaldags og lite miljøvenleg
For medan nokre jublar, er andre er sterkt kritiske til Møreaksen.

Jørn Inge Løvik, som er dagleg leiar for prosjektet Romsdalsaksen, kallar prosjektet gammaldags og lite miljøvenleg. Folk vil ikkje ha undersjøiske tunnelar, seier han til NRK.

Løvik meiner Romsdalsaksen er eit langt betre prosjekt. Her er den undersjøiske tunnelen bytt ut med flytebruer.

Hard tone i debatten
Redaktør Ole Bjørnar Loe Welde i Romsdals Budstikke fortel til Nynorsk Pressekontor at Møreaksen er ei av dei mest debatterte sakene i avisa.

Og meiningane er delte.

– Tonen i debatten i sosiale medium er så hard at mange kvir seg for å flagge synet sitt, seier dagleg leiar i Møreaksen, Harald Espeland.

Han avviser at prosjektet er gammaldags og lite miljøvenleg. Han minner om at det med kortare reiseveg mellom byane får folk tilgang til fleire arbeidsplassar.

Kunne ikkje love kollektivløft i distrikta
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) kunne ikkje love store løft for kollektivtransporten i distrikta. I staden peikar han på at bilane forandrar seg.

– Det vil komme nye teknologiske moglegheiter, som vil gjere at berre det å køyre bil vil bli ei anna oppleving, når bilane går av seg sjølve. For klimabevisste, miljøvennlege personar i Distrikts-Noreg trur eg dei ser at bilen vil gi eit heilt anna klimaavtrykk når det blir nullutsleppsbilar, enn bensin- og dieselbilar som dei har i dag, seier Hareide til NTB etter framlegginga av transportplanen.

Statsråden peikar òg på at det blir lagt opp til auka kostnader for klimautslepp.

– Men det er ein heilskap. Eg har sjølv vakse opp med at viss ein ikkje rakk bussen ti over åtte, så gjekk neste buss ti over åtte dagen etter, medan no bur eg i ein by der det går buss kvart kvarter. Det viser at det er lettare å tenkje at ein skal leve utan bil i store byar, og det må vi nok ta innover oss, seier samferdselsministeren.

Sjå omtale av prosjekt i Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Sjå omtale av prosjekt i Vestland (ekstern lenke)

Les heile transportplanen her (lenke til pdf)

Publisert: 19.03.2021 16:23

Sist oppdatert: 20.03.2021 01:06

Mer om