Astrid Simonsen Joos Glamox sjef foto Ogne
VENTAR VIDARE VEKST: Glamox-sjef Astrid Simonsen Joos ventar at veksten i etterspurnaden vil halde fram. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Glamox er framleis i pluss, trass minus

Drifta i belysningskonsernet går så det susar.

Marius Rosbach
21.11.2023

Dei fleste pilane peikar opp for Glamox-konsernet, ifølgje tala i rapporten for tredje kvartal.

Dei samla inntektene bikka ein milliard kroner etter ei inntektsauke på 12,7 prosent i kvartalet, viser meldinga frå GLX Holding.

Veksten skjer grunna auka etterspurnad for Glamox sin belysning både i byggmarknaden og på marina og offshoreområdet.

Ventar vidare vekst
Ordreinngangen auka med 9,3 prosent i perioden.

Glamox-sjef Astrid Simonsen Joos ventar at veksten i etterspurnaden vil halde fram grunna høgare energiprisar og nye miljøforskrifter. 7

– Vidare vert vi godt posisjonert for å adressere attraktive vekstsegment, inkludert trådlaus tilkopla belysning offshore vind og menneskesentrisk belysning, uttalar ho i meldinga.

Minus i kvartalet – pluss så langt i år
Resultat før skatt enda likevel i minus for kvartalet, grunna finans- og restruktureringskostnader, viser tala i rapporten.

Konsernet operer med eit justert EBITDA-resultat (resultat før av- og nedskrivingar), der enkelte eingongspostar ikkje blir rekna med. Den enda på 162 millionar kroner i kvartalet.

Tala er eit uttrykk for at drifta går så det susar, men at rekneskapen framleis blir tynga av kostnadar frå tidlegare.

Samla resultat før skatt ved utløpet av kvartalet, var framleis på plussida med knappe 24 millionar (sjå tabell under).

GLX Holding As

Tal pr. 3. kvartal. i mill. kroner

20232022
Driftsinntekt
3.147,1
2.723
Driftsresultat
243,3
155,6
Resultat før skatt
23,6
26,5



GLX Holding As


3. kvartal. I mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
1.040,1
922,7
Driftsresultat

85,6

70,1
Resultat før skatt
-4,9

18,2

Publisert: 21.11.2023 10:47

Sist oppdatert: 21.11.2023 10:59

Mer om