Glede over Statoil utbygging
GLADMELDING: Stortingsrepresentant Oskar Grimstad meiner at Statoil sine planar for utbygging av Gullfaks Rimfaksdalen er ei gladmelding i ei tid med lav aktivitet i oljebransjen.
Nytt

Glede over Statoil-utbygging

Gassfunnet Gullfaks Rimfaksdalen i Nordsjøen skal byggast ut for 4,6 milliardar kroner. Oskar Grimstad (Frp) er glad for avgjersla.

16.12.2014
- Med dette prosjektet vert levetida på Gullfaksfeltet forlenga, noko som vil gi større verdiskaping og auka utvinning frå feltet.
- Dette betyr også at ein ivaretek viktige arbeidsplassar i mange år framover, seier Grimstad, som er fraksjonsleiar for Frp i energi- og mlijøkomiteen.

God nyheit

Det var i dag, tysdag, at Statoil leverrte planen for utbygging og drift av Gullfaks Rimfaksdalen til Olje- og energidepartementet. Planen omhandlar mellom anna ein større subsea-installasjon.
- Dette er gode nyheiter i ei tid prega av lavare aktivitet i oljebransjen, seier Grimstad i ei pressemelding.
Han viser til at det no er eit mindre funn som vert bygt ut.
- På norsk sokkel i dag har vi ein stor portefølje av små, ikkje utbygde funn. Klarer vi å utvinne desse på ein god måte, vil det gi betydelege verdiar for samfunnet, seier Grimstad.

80 millionar fat

Planlagt produksjonsstart for Gullfaks Rimfaksdalen er i januar 2017. Statoil reknar med at dei utvinnbare reservane er på nærare 80 millionar fat oljeekvivalentar, for det meste gass.
Statoil er operatør på feltet og eig 51 prosent. Medeigarar er Petoro (30 prosent) og OMV (19 prosent).
Dette betyr også at ein ivaretek viktige arbeidsplassar i mange år framover

Publisert: 16.12.2014 19:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39