Gler seg over å få Thon som eigar
Ulstein-familien sel kjøpesenter. Peiker på auka skattebyrde som årsak.
Olav Thon Eiendomsselskap er nye eigarar av Amfi-senteret i Ulsteinvik frå fredag neste veke. Seljar er Ulstein-selskapet Brattøra Eiendom, som er eigd av
Ulstein-familien.
Senterleiar Helene Holstad fortel at ho både gler seg over å få nye eigarar, samtidig som dei har sett pris på eigarane dei har hatt i ei årrekke.
– Eg vil takke for eit godt samarbeid med dei lokale eigarane. Det blir ingen forandringar for oss i det daglege, men vi ser fram til å kunne utvikle senteret vidare, seier senterleiar Helene Holstad til NETT NO.
Peiker på auka skatterekning som årsak til salet
Morten Ulstein og familien er største eigarar i Brattøra Eiendom, som no sel kjøpesenteret. Også syskenborna Stig Ulstein og Dag Ulstein Kristensen sine familiar er med på eigarsida.
NETT NO kjenner ikkje salssummen for senteret.
Gustav Hasund som er finanssjef i Borgstein, eitt av eigarselskapa, opplyser til NETT NO at eigarane i selskapet gjennom to tiår har utvikla fleire store eigedomsprosjekt i lokalmiljøet. No er auka skatterekningar ei utfordring.
«Med de rammevilkår og skattebør dagens regjering gir kapitaleiere, medfører dette å måtte realisere verdier for å håndtere den stadig økende og ikke bærekraftig skattelegging av arbeidende kapital», skriv han i ein e-post på spørsmål om kva som er bakgrunnen for salet.
«Patriotkapital for utvikling av lokalsamfunnet vil reduseres under slike vilkår. På tross av dette er vi derimot særdeles stolte av å overlevere et veldrevet kjøpesenter i et flott område, til våre gode samarbeidspartnere i Thon og Amfi», skriv han vidare.
Planar om nye leigetakarar
Nyheita om salet vart kjent internt på senteret torsdag, og Olav Thon Eiendomsselskap sende også ut ei internmelding til sine medarbeidarar.
Senteret med 24 leigetakarar, vart etablert i 2005 og ligg i sentrum av Ulsteinvik. På dei kring 12.500 kvadratmetrane senteret utgjer, finn ein to store matbutikkar, fleire klebutikkar og spesialforretningar.
Holstad fortel at dei har fleire spennande planar - og at nye leigetakarar skal etablere seg. Men førebels er det for tidleg å seie eksakt kva, legg ho til.
Les også
Rekordår i fjor
Amfi-senteret er det største kjøpesenteret i Ulsteinvik. I fjor omsette
butikkane for 296 millionar kroner – ein vekst på nær tre prosent mot
2021.
– Det var vårt beste år nokon sinne, og er veldig fornøgde med korleis handelen har vore, seier senterleiar Holstad.
På same vis som Amfi Moa, fekk Ulstein-senteret ei auke i julehandelen, til trass for spådommar om at folk ville halde meir på pengane. Både omsetning og besøkande på senteret auka samanlikna med året før.
– Julehandelen gjekk betre enn eg hadde trudd, men det er óg litt ulikt mellom bransjane, påpeiker Holstad.
I løpet av fjoråret vart det registrert heile 1.059.504 besøkande på senteret.
E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?
Publisert: 06.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 31.12.2023 13:12