Johnny Aarsnes Norli Amfi Moa Øst Foto Marius Rosbach
STORSELJAR: Johnny Aarsnes på Norli Moa Øst fortel at dei sel mykje av Gro Kibsgaard-Petersen si nye bok «Tett på Ålesund & Sunnmøre». Den er truleg nest mest selt av lokale bøker i julehandelen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lokale bøker gull verdt for bokhandlarane

Alt frå krigsseglas til sogehistorie mellom årets vinnarar i julehandelen. Ei turguidebok er truleg bestseljaren.

Lokale bøker er gjerne salsvinnarane i bokhandlarane i førjulstida. Slik er det også i år viser ein sjekk med forfattarar og butikkar.

- Lokale bøker er gull verdt i julestria, og vi er heldige som har mange av dei, seier dagleg leiar Mari Heggdal Skare i Norli bokhandel i Ørsta til NETT NO.

Årets bestseljar hos Heggdal Skare sin bokhandel, er turguideboka «Skjulte perler i Sunnmørsalpane», skrive av Pål-Are Vadstein.

Så langt har ho seld nærare 300 eksemplar av boka, som kjem med forslag til turar til fjelltoppar som ikkje er så ofte besøkt.

Boka er truleg opplagsvinnaren i kategorien lokale bøker på Nordvestlandet i år. Det er trykt to opplag av boka, og så langt er det seld omlag 2500 eksemplar av «Skjulte perler i Sunnmørsalpane».

Utforskar fjellheimen på fritida
Forfattaren kjem frå Ørsta og har gitt ut boka på Skald forlag i Sogn. Han er utdanna ingeniør og lærar, og jobbar som prosjektleiar i bygg- og anleggsbransjen.

Fritida nyttar han til å utforske den sunnmørske fjellheimen.

Vadstein si bok sel også godt på Stranda, men der er det lokalhistorieboka «Strandasoger», som er bestseljaren med 400 selde eksemplar så langt, seier dagleg leiar Bjørg Vadset i Stranda Bok og kontorservice.

Bok skjulte perler i sunnmørsalpane 11
2500 BØKER: «Skjulte perler i Sunnmørsalpane» av Pål-Are Vadstein er truleg den lokalboka det er selt flest av på Sunnmøre i årets julehandel. Foto: Skald Forlag

Sogeforfattar med bok nummer to
Vadset har ikkje nøyaktig tal på kor stor del av den samla driftsinntekta til bokhandel sal av lokale bøker utgjer, men seier det er ein «veldig viktig» del.

Forfattaren av «Strandasoger» er Ola Ødegård, som har gitt ut boka på eige forlag. Han fekk trykt opp 1060 eksemplar, og måtte selje omlag 400 for å gå i balanse.

No er det seld om lag 600 bøker og hans første bok har gitt meirsmak.

- Eg er i god gang med nummer to, seier Ødegård.

John Magne Johannessen Vestvang Bokhandel Foto Marius Rosbach 11
KRIGSSEGLARHISTORIE: Dagleg leiar John Magne Johannessen i Vestvang Bokhandel under lanseringa av boka der Charles Remø fortel om kva han opplevde i krigsåra. Foto: Marius Rosbach

Krigshistorie salsvinnar i Herøy
I Fosnavåg er historia til Charles Remø om åra som krigsseglar, «Minne frå krigsåra», årets desiderte bestseljar.

– Vi passerte 450 selde eksemplar før første opplaget vart utseld. Vi har allereie lang venteliste med bestillingar, fortel John Magne Johannessen ved Vestvang Bokhandel.

Førsteopplaget av boka var på 600 eksemplar, og mellom jul og nyttår kjem eitt nytt opplag på 300 bøker.

Trude Teige si bok «Løgnere» og Opptur Ytre Sunnmøre kjem på 2. og 3. plass av dei best selte bøkene i Fosnavåg-bokhandelen.

– Lokallitteratur er framleis «i støyten», stadfestar Johannessen.

Knut Arne Høyvik Gunhild Tveiten Harald Thorseth Foto Marius Rosbach 11
SAMARBEID: Boka «Minne frå krigsåra» blei til ved hjelp av prosjektleiar Knut Arne Høyvik (.t.v), historikar og oldeborn til Remø, Gunhild Tveiten og Herøy-forfatter Harald Thorseth. Foto: Marius Rosbach

Storsal av Tett på Ålesund & Sunnmøre
Gro Kibsgaard-Petersen si bok «Tett på Ålesund & Sunnmøre» er mellom årets absolutt mest selte lokalbøker i julehandelen. Med fleire enn 1500 bøker selt på tre veker, ligg ho truleg på ein andreplass på den lokale bestseljarlista.

– Heilt topp, seier Johnny Aarsnes om salet av boka på Norli Moa Øst.

Då NETT NO er innom har dei selt fleire enn 200 eksemplar. Aarsnes er salsansvarleg og fortel at boka også har selt ved Volda-avdelinga.

Eg synest at det unike området vårt fortente ei oppdatert og rik bildeforteljing
Gro Kibsgaard-Petersen

Rundreise i regionen
Forfattaren Gro Kibsgaard-Petersen har skreve ei bok som kan samanliknast med ei rundreise i Ålesund og Sunnmøre gjennom tekst og bilde.

Ho gjekk sjølv i bokbutikken for å finne ei bok som representerte regionen på ei brei og oppdatert måte, men fann ikkje det ho var på jakt etter. Så ho enda opp med å lage den boka ho sakna.

– Eg synest at det unike området vårt fortente ei oppdatert og rik bildeforteljing, fortel den ferske forfattaren.

Gro Kibsgaard Petersen bok foto Marius Rosbach 11
NYBAKT FORFATTAR: Då Gro Kibsgaard-Petersen ikkje fann boka ho ønska seg, enda ho opp med å lage den sjølve. Den er mellom dei mest populære julegåvene frå bokhandlarane i år. Foto: Marius Rosbach
Må vurdere fleire opplag

Salet har vore over all forventing, og er no oppe i meir enn 1500 selte bøker av førsteopplaget på 2000 bøker. Det betyr at ho allereie må vurdere å trykke fleire.

– Det er nesten litt uverkeleg, seier Kibsgaard-Petersen om responsen.

Boka har i stor grad blitt til over kjøkkenbenken utanom jobben i Kystverket. Ho gir ut boka på eige forslag og fekk førsteopplaget heim til seg på fire pallar. Sjølv om intensjonen aldri var å tene pengar på prosjektet, går ho no allereie i balanse.

Skal vere «alle» si bok
I prosessen var ho ope om kva ho jobba med. Slik fekk ho også innspel til innhald som ho tok med seg. Forfattaren fortel at ho var audmjuk ovanfor oppgåva med å sette saman det som skal vere «alle» si bok.

– Ein får ikkje tatt med «alt» i ei slik bok. Innhaldet er smakebitar frå natur, kultur, reiseliv og næringsliv.

– Alt dette er med å gi eit inntrykk av området vårt, kven vi er og kva som gjer oss til oss, legg ho til.

Bok innside Tett på Ålesund og Sunnmøre Foto Marius Rosbach
STOKKE: Møbelsuksessen frå Sunnmøre som er i sal over store delar av verda, er presentert i boka om Ålesund og Sunnmøre. Foto: Marius Rosbach
Mange ulike fotografar

Bilda kjem frå ein rekke ulike fotografar, som fyller ei heile side med krediteringar.

– Eg er ikkje fotograf, men har teke nokre av bilda. Også er nokre profesjonelle og nokre amatørar som har bidrege. At det er mange ulike bidreg til innhaldet er ekstra kjekt, seier ho.

Forfattaren fortel at det utvikla seg til eit kulturprosjekt med ulike menneskemøter.

Ville kome «tett på»
Målet var å kome tett på menneska i regionen, og kva dei fyller liva sine med. Ho har valt å vise fram døme på flinke folk og gode initiativ. Eit eksempel er gallerist Hugo Opdal i den vesle bygda Flø i Ulstein.

– Samtidig som eg fortel om galleriet på Flø, fortel eg litt om kunstmiljøet på Sunnmøre.

Til bilde frå Tafjorden, følgjer historia om kraftproduksjonen på Sunnmøre. Boka har tekstar både på engelsk og norsk.

Publisert: 20.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 20.12.2022 08:02

Mer om