Amfi moa anne mari rødal kleppe foto Marius Rosbach
REKORDÅR: Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe ved Amfi Moa i Ålesund kan konstatere at kjøpesenteret styrer mot eit år med ny rekordomsetning på kring 3,3 milliardar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Moa mot nytt rekordår

Bransjane som har hatt tøffe tak under pandemien, gjer comeback. Få teikn til brems ved regionens største handelssenter.

Marius Rosbach
21.12.2022

Per utgangen av førre veke ligg Amfi Moa an til å sette ny omsetningsrekord i 2022. Det fortel tala som senterleiar Anne Marit Rødal Kleppe leser ut av sine system to veker før årets slutt.

– Per veke 50 hadde vi ei omsetning på 3,15 milliardar, som er fire prosent framfor fjoråret, fortel ho til NETT NO.

Omsetninga for dei siste vekene er naturleg nok usikker per i dag. Likevel kan senterleiaren allereie seie seg trygg på at regionens største kjøpesenter vil slå fjorårsomsetninga – som var rekorden så langt.

2020 var første året senteret bikka tre milliardar i omsetning, etter at dei var nær ved å nå målet i 2019.

– Overraskande bra handel
– Eg synest det har vore overraskande bra handel, ikkje minst ut frå dei tidene vi er inne i. Vi veit at folk no tenker litt ekstra over kva dei tek seg råd til, seier Rødal Kleppe.

Med dyrare prisar og stigande rente er senterleiaren meir usikker på det komande året.

– Førebels har folk ikkje fått merke auken i bustadlåna sine og straumprisen kan bli ei utfordring. Slik sett kan det bli ein tøffare vinter og vår, seier ho.

Johnny Aarsnes Norli Amfi Moa Øst Foto Marius Rosbach
SALSVINNER I BOKHANDELEN: Salsleiar Johnny Aarsnes ved Norli Amfi Moa Øst har selt mange eksemplar av boka «Tett på Ålesund & Sunnmøre» av Gro Kibsgaard-Petersen. Foto: Marius Rosbach

Opptur for service og servering
Bransjane som veks mest samanlikna med fjoråret, opplevde alle tøffe tider under pandemien. Tenesteyting og service – som inkluderer ni frisørar, kino og reisebyrå – har ei auke i år på heile 54 prosent.

– Dei hadde naturleg nok alle låge tal i fjor, seier Rødal Kleppe.

Servering er ein anna bransje som har gjort det bra, etter eitt år nesten heilt utan koronarestriksjonar. Auken for desse bedriftene er på 24 prosent.

Solid auke for kle og sko
Bransjar som kle og sko hadde også nedtur under starten av pandemien, men har opplevd god auke det siste året.

Omsetninga for dei mange senterbutikkane i desse bransjane, har auka med nær ni prosent så langt i år.

Kategorien spesialbutikkar inneheld eit breitt spekter bransjar som sport, parfymeri og leiker, som opplever ulik utvikling.

– Bokhandlarane har hatt veldig oppsving under koronaen, apotek er stabilt høgt, medan sport har hatt god omsetning under heile pandemien, seier Rødal Kleppe.

Samla har spesialbutikkane ei auke på 1,3 prosent i omsetninga i år.

Vekstbrems i daglegvare, hus og heim

Daglegvare er ein bransje som dei siste åra har vore gjennom ein historisk opptur. NETT NO omtalte tidligere i år korleis Eurospar-butikken på Amfi Moa, som er den største dagligvaren på Nordvestlandet, sette nye rekordar i 2021.

I år har mat- og drikkebutikkane på Amfi-senteret ein liten nedtur samanlikna med fjor. Omsetninga er per i dag tre prosent bak tala på same tidspunkt i fjor.

Hus og hjem-butikkane har óg hatt ei svært god periode under pandemien, då folk brukte meir pengar på å handle varer – enn reiser og tenester. Omsetninga i år ligg på nivå med i fjor for desse butikkane, med ei lita auke på 0,5 prosent.

Publisert: 21.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.12.2022 01:37

Mer om