Gunvor Ulstein Knut Flakk montasje Foto Marius
UROA FOR FRAMTIDA: Gunvor Ulstein og Knut Flakk er begge bekymra for investeringsevna til norskeigde bedrifter. Det er mellom samtaleemna i den nyaste episoden av podcastn Podium. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vi kan ikkje øydelegge bedriftene

Knut Flakk og Gunvor Ulstein meiner næringslivet må bli flinkare til å snakke om utfordringane dei står i.

Marius Rosbach
10.12.2022

To av Sunnmøres mest profilerte næringslivsleiarar er gjestar i den nyaste episoden av podcasten Podium.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Knut Flakk og Gunvor Ulstein er i dag styreleiarar for kvar sine familiebedrifter som gir arbeid til fleire tusen personar i ein rekke ulike selskap.

Dei delar også uroa for konsekvensane av ein skjerpa skattepolitikk frå Ap/Sp-regjeringa. Det er eitt av dei sentrale samtaleemna i den nyaste Podium-episoden.

– Vi hadde trudd at dei såg verdien av å skape aktivitet og arbeidsplassar, men det er openbert at vi har undervurdert situasjonen, fortel Knut Flakk.

Har sett miliardinvesteringar på vent
Flakk har stilt på ein rekke møter for å fortelje politikarar korleis endringane påverkar konsernet.

Han har óg vore tydeleg på at auka skattetrykk gjer at Flakk-selskapa sett reiselivsinvesteringar på opptil éin milliard på vent. Hotellplanar på Ljøen, Hellesylt og Storfjord i Ålesund er lagt i skuffen inntil vidare.

– Eg har hatt møter med ordførarane i Møre og Romsdal frå Senterpartiet, og dei er sjokkert over konsekvensane av skatten, seier Flakk.

–Vi skal vere med å bidra
Kven som skal bygge distrikta, om kapitalen vert pressa ut av landet, er mellom spørsmåla som blir stilt i den nyaste episoden av Podium.

Flakk er ikkje i tvil om at deira evne til å bygge lokalsamfunn blir svekka med dagens politikk.

– Vi skal vere med å bidra, men vi kan ikkje øydelegge bedriftene. Det skjer no med formuesskatten, seier Flakk.

I år betalar familien om lag 100 prosent skatt av overskotet frå konsernet – og neste år 200 prosent – om dagens anslag slår til.

– Det må dei forstå – at der har vi ei utfordring, seier han.

Vi skal vere med å bidra, men vi kan ikkje øydelegge bedriftene
Knut Flakk

Svekka næringslivskontakt
Gunvor Ulstein deler oppfatninga til Flakk om at det er ei manglande forståing hos mange politikarar for næringslivet sine utfordringar.

–Ein må passe på at ein ikkje dreg inn så mykje (i skatt) at ein tek motet frå dei som skal vere verdiskaparane langs kysten, seier ho.

Ho trur framveksten av yrkespolitikarar og manglande kontakt med kvardagslivet ute i bedriftene, er mellom årsakene.

– I dag er det nesten ingen som er ute i næringslivet før dei kjem inn i politikken.

Det gjer politikarane også meir avhengige av attval, påpeiker ho.

«Ta dei rike»
I møte med retorikk som at ein skal «ta dei rike», er Ulstein og Flakk samde om at næringslivet har ein jobb å gjere for å skape forståing for utfordringane dei møter.

– Det som har vore problemet så langt, er at dei sentrale politikarane ikkje er interessert i å høyre, seier Flakk – og trur dei rett og slett ikkje forstår.

Men det trur Gunvor Ulstein dei gjer allereie:

– Eg trur dei forstår, men politikk handlar om å bli gjenvalt, seier ho.

Ulstein trur meir på påverknadskrafta til dei tilsette, og at dei via grasrota i eigne bedrifter kan nå fram med bodskapen.

– Eg håpar og trur at folk skjønner at vi ikkje kan ha det slik som det er skissert i statsbudsjetta framover no, seier ho.

Høyre den nyaste Podium-episoden:
Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Tradisjon som samfunnsbyggjarar
I Podium-episoden diskuterer dei to næringslivsleiarane óg korleis det er å leie familiebedrifter gjennom fleire generasjonar.

Gunvor Ulstein fortel korleis ho fekk innprenta frå bestemora at dei arbeidde med «borga gods» som skulle overlatast i betre stand til neste generasjon.

– I dag blir det å gå med overskot sett på noko, som ein nesten ikkje skal gjere. Vi skal dele ut pengar, men kva skal ein dele ut, om ein ikkje tener pengar, seier ho.

Podium

E17/S2 Djup uro for skattetungt budsjett

Podium

E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?

Publisert: 10.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 08.01.2023 16:47

Mer om