- Fusjonen er strategisk riktig og konstellasjonen er god, seier Kjølås.
Frode H. Kjølås og Kjølås Stansekniver selde i fjor 100 prosent av aksjane til Optimar, og fekk ein fin gevinst av det. Samtidig kom han inn på eigarsida i OptimarStette, og har no ein eigarpost på 18,4 prosent i selskapet.
Ifølgje rekneskapet til Kjølås Stansekniver kunne han i fjor bokføre ein gevinst på 115 millionar kroner som følge av transaksjonen. Selskapet fekk dermed eit resultat før skatt på 133 millionar kroner. (sjå tabell).
Bokført eigenkapital i selskapet var ved årsskiftet 201 millionar kroner, tilsvarande ein eigenkapitaldel på 97 prosent.
Les også:
Les også:
Les også:
I tillegg har selskapet eigarposten i OptimarStette og som er bokført som anleggsmidlar til ein verdi av 68 millionar kroner.
Kjølås Stansekniver er no eit holdingselskap og som Frode Kjølås eig 100 prosent.
I tillegg til eigarposten i OptimarStette, eig selskapet 60 prosent av Seaside Innovasjon as, 50 prosent av Møring as, 50 prosent av Seaside Service, 45 prosent av Vital Marin as og 33,3 prosent av Strandafjellet Skisenter og Stranda Hotel. Desse øvrige selskapa bidrog berre i mindre grad til overskotet i Kjølås Stansekniver i fjor. Bokført verdi av desse selskapa er på 8,6 millionar kroner.
- Fusjonen og samarbeidet er strategisk riktig og konstellasjonen er god. Den gode magefølelsen eg hadde når vi diskuterte, er blitt bekrefta. Fusjonen har fungert som eg håpte og trudde. Vi har allereie fått kontrakter og har utvikla produkt og prosjekter som vi ikkje hadde fått til kvar for oss, seier Kjølås.
Seaside auka i fjor omsetninga ytterleg, og havna på 81 millionar kroner - det er ein vekst på over 20 millionar kroner i høve til 2014. Resultat før skatt vart over 19 millionar kroner før skatt. No er det 28 tilsette ved Seaside på Stranda, og Seaside er no eit dotterselskap av OptimarStette
- Drifta av Seaside her på Stranda fortsetter som vanleg, og vi har også auka arbeidsstokken sidan fusjonen. Her er det meir å gjere enn nokonsinne, sier Kjølås.
J
- Det er mykje å gjere vidare innan oppdrett på desse områda når det gjeld å vidareutvikle smarte løysingar. Dette er en strategi som ligg fast, og som vi vil fortsetje med.
Han vil drive business as usual framover.
- Det er ingen grunn til å gjere endringar, og vi prøver å halde styrefarta. Det er veldig mykje som skjer i alle selskapa i Kjølås Stansekniver, generelt sett er det eit høgt aktivitetsnivå, seier Kjølås.
Les også:
Les også:
Les også:
- Opningstida er forlenga to timar kvar dag denne sesongen, frå 10-17 dagleg. Auka marknadsføring har gitt veldig god effekt, og det er sett nye rekordar når det gjeld antal besøkande. Blant anna er det mange fleire utlendingar, og det er veldig artig å sjå effekten av ei vellukka marknadsføring og satsing på gondolbana, seier Kjølås.
Frode H. Kjølås og Kjølås Stansekniver selde i fjor 100 prosent av aksjane til Optimar, og fekk ein fin gevinst av det. Samtidig kom han inn på eigarsida i OptimarStette, og har no ein eigarpost på 18,4 prosent i selskapet.
Ifølgje rekneskapet til Kjølås Stansekniver kunne han i fjor bokføre ein gevinst på 115 millionar kroner som følge av transaksjonen. Selskapet fekk dermed eit resultat før skatt på 133 millionar kroner. (sjå tabell).
Bokført eigenkapital i selskapet var ved årsskiftet 201 millionar kroner, tilsvarande ein eigenkapitaldel på 97 prosent.
Les også:
Les også:
Les også:
Balansen
I balansen kjem det fram at Kjølås Stansekniver auka bankinnskota med 47 millionar kroner i fjor, og hadde derfor likvider på nærmare 74 millionar kroner ved årsskiftet. Selskapet hadde også ved årsskiftet marknadsbaserte obligasjonar som var bokført til 41 milionar kroner.I tillegg har selskapet eigarposten i OptimarStette og som er bokført som anleggsmidlar til ein verdi av 68 millionar kroner.
Kjølås Stansekniver er no eit holdingselskap og som Frode Kjølås eig 100 prosent.
I tillegg til eigarposten i OptimarStette, eig selskapet 60 prosent av Seaside Innovasjon as, 50 prosent av Møring as, 50 prosent av Seaside Service, 45 prosent av Vital Marin as og 33,3 prosent av Strandafjellet Skisenter og Stranda Hotel. Desse øvrige selskapa bidrog berre i mindre grad til overskotet i Kjølås Stansekniver i fjor. Bokført verdi av desse selskapa er på 8,6 millionar kroner.
Vellukka strategisk samarbeid
Frode Kjølås vil ikkje kommentere tala og detaljer rundt transaksjonen, men seier at han er veldig fornøgt med dei strategiske grepa når det gjeld fusjonen med OptimarStette.- Fusjonen og samarbeidet er strategisk riktig og konstellasjonen er god. Den gode magefølelsen eg hadde når vi diskuterte, er blitt bekrefta. Fusjonen har fungert som eg håpte og trudde. Vi har allereie fått kontrakter og har utvikla produkt og prosjekter som vi ikkje hadde fått til kvar for oss, seier Kjølås.
Seaside auka i fjor omsetninga ytterleg, og havna på 81 millionar kroner - det er ein vekst på over 20 millionar kroner i høve til 2014. Resultat før skatt vart over 19 millionar kroner før skatt. No er det 28 tilsette ved Seaside på Stranda, og Seaside er no eit dotterselskap av OptimarStette
- Drifta av Seaside her på Stranda fortsetter som vanleg, og vi har også auka arbeidsstokken sidan fusjonen. Her er det meir å gjere enn nokonsinne, sier Kjølås.
J
obbar aktivt på FoU
Kjølås Stansekniver og Seaside har drive mykje med produktutvikling innan fiskeindustri og næringsmiddel. Selskapet har drive aktivt med utviklingsarbeid for human avliving av fisk i samarbeid med andre selskap og forskingsinstitusjonar. Dei har mellom anna samarbeida med andre bedrifter i utvikling og tilpasning av utstyr for bedøving av fisk og skaldyr i inn- og utland.- Det er mykje å gjere vidare innan oppdrett på desse områda når det gjeld å vidareutvikle smarte løysingar. Dette er en strategi som ligg fast, og som vi vil fortsetje med.
Han vil drive business as usual framover.
- Det er ingen grunn til å gjere endringar, og vi prøver å halde styrefarta. Det er veldig mykje som skjer i alle selskapa i Kjølås Stansekniver, generelt sett er det eit høgt aktivitetsnivå, seier Kjølås.
Les også:
Les også:
Les også:
Gondolbana på Strandafjellet Skisenter
Kjølås seier det er god utvikling når det gjeld bruken av gondolbana på Strandafjellet no i sommar.- Opningstida er forlenga to timar kvar dag denne sesongen, frå 10-17 dagleg. Auka marknadsføring har gitt veldig god effekt, og det er sett nye rekordar når det gjeld antal besøkande. Blant anna er det mange fleire utlendingar, og det er veldig artig å sjå effekten av ei vellukka marknadsføring og satsing på gondolbana, seier Kjølås.
Fusjonen har fungert som eg håpte og trudde
Publisert: 02.08.2016 15:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59






