Inseanergy Anlegg v Stranda foto Inseanergy
TESTANLEGG. Inseanergy sitt testanlegg for solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder. Foto: Inseanergy
Nytt

Første mål nådd i Inseanergy-emisjon

Ålesund-selskapet nådde minstemålet i emisjonen etter få timar.

05.01.2022

Inseanergy i Ålesund skal hente inn inntil 30 millionar kroner og minst 20,1 millionar. Kapitalutvidinga starta onsdag og allereie litt over klokka 14 hadde investorar teikna seg for 20,5 millionar kroner.

Det er 0,4 millionar kroner over minstemålet, som er sett som vilkår for at kapitalutviding blir gjennomført. Onsdag kveld var teikninga oppe i 22 millionar kroner.

Inseanergy er verdsett til 15 millionar kroner før kapitalutvidinga.

Får selskapet full klaff i kapitalutvidinga vil dei aksjane som blir utsted til investorane som deltek utgjere 60 prosent av alle aksjane i selskapet.

Satsar på mange aksjonærar
Før kapitalinnhentinga starta hadde investorar førehandsteikna seg for 14 millionar kroner i Inseanergy.

Inseaenergy hentar inn kapital gjennom Folkeinvest, eit selskap som har spesialiserte seg på kapitalinnhentingar til små- og nye bedrifter, frå mange og små aksjonærar.

Grunnen til at Inseanergy valde Folkeinvest var Wavefoil sine positive erfaringar med å bruke Folkeinvest, seier dagleg leiar og medeigar Jan Erik Våge Klepp til NETT NO.

Wavefoil er eit selskap med tilknytning til Nordvestlandet, som har spesialisert seg på utfellbare venger på skip, som gir meir stabil og energieffektiv gange i sjøen.

Solkraft frå utrangerte oppdrettsanlegg
Ideen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder. Målet er å utnytte oppdrettsmerder som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.

I neste omgang er målet å kunne gjere oppdrettsanlegga uavhengige av straumnettet ved å kombinere kraftproduksjon frå solceller med kraftproduksjon basert på hydrogen som er produsert ved elektrolyse.

Eit pilotanlegg med solceller er testa ut ved Stranda sentrum (sjå bilete).

Gjennombrot for Folkeinvest
Fjerde kvartal 2020 blei det store gjennombrotet for Folkeinvest, og i 2021 blei det gjennomført 53 kapitalutvidingar på til saman 330 millionar kroner, seier dagleg leiar Øyvind Fries i Folkeinvest.

Fries var i 2018 på Nordvestlandet for å lansere Folkeinvest-idene for investorar og gründarar. Seinare same år stoppa Finanstilsynet verksemda mellombels, fordi tilsynet måtte har konsesjon som eit verdipapirforetak. Etter ti månadar, i august 2019, fekk Folkeinvest konsesjonen som måtte til ifølgje E24.

Publisert: 05.01.2022 13:04

Sist oppdatert: 10.01.2022 12:19

Mer om