Stor kontrakt og emisjon for Wavefoil
Wavefoil skal hente inn ny eigenkapital etter storkontrakt med Liegruppen.
Fiskebåtreiarlaget Liegruppen skal ha Wavefoil sine vengar på den nye pelagiske trålaren som blir levert frå Cemre Shipyard i Tyrkia i 2023.
I kjølvatnet skal Wavefoil hente inn mellom seks og 18 millionar kroner i ny eigenkapital - noko som verdset selskapet til 82 millionar kroner.
Kontor i Ålesund og Fosnavåg
Trondheim-baserte Wavefoil blei skipa i 2016 og har kontor både i Ålesund og Fosnavåg. Selskapet har utvikla ein venge for skip, som gir rolegare ganger i bølger. Det reduserer drivstoff-forbruket og gjer det meir behagleg for folk ombord. Når vengen ikkje trengst kan den fellast inn i skroget.
Maritime Partner i Ålesund har allereie bygd fartøy med Wavefoil-venge, men med Liegruppen-kontrakten tek Wavefoil eit steg opp til større skipstypar.
Fleire aksjonærar
Kontrakten med Liegruppen er starten på ei kommersialisering av verksemda som krev meir kapital, ifølgje ei pressemelding.
Wavefoil har to gangar tidlegare henta inn kapital gjennom Folkeinvest, eit selskap som organiserer småskala kapitalutvidingar der det i utgangspunktet er lågt minstekrav til kor mykje kvar investor går inn med.
Også den nye kapitalutviding blir organisert gjennom Folkeinvest, og målet er å få inn mellom seks og 18 millionar kroner, fortel dagleg leiar og medgründer Eirik Bøckman til NETT NO. Målet er at kapitalutvidinga skal vere gjennomført innan 22. september.
Selskapet har 179 aksjonærar og er verdsett til 82 millionar kroner før kapitalutvidinga som startar i dag.
Før den første kapitalutvidinga, i 2018, var selskapet verdsett til 25 millionar kroner. Før kapitalutvidinga i 2019 var selskapet verdsett til 40 millionar kroner.
Bygd hos I.P. Huse
Vengane til Liegruppen sin nye båt skal byggast hos I.P. Huse på Harøya.
Dei to selskapa signert i august i år ein avtale om at IP Huse skal produsere dei største Wavefoil-produkta.
Les også
I samband med samarbeidsavtale og kontrakten med Liegruppen går eigedomsselskapet Seriana inn på eigarsida med ein million kroner i kapitalutvidinga.
Seriana er eigd av Huse-familien, og har dei same eigarane som I P Huse.
Publisert: 15.09.2021 12:00
Sist oppdatert: 15.09.2021 20:04