Skal utvikle utsleppsfritt oppdrett
Samarbeidsavtale mellom Inseanergy og Gadus Group.
Torskeoppdrettselskapet Gadus Group og miljøteknologiselskapet Inseanergy har inngått ein intensjonsavtale om eit samarbeid for å utvikle ei energiforsyning til Gadus Group som reduserer dieselforbruk og CO2-utslepp.
Gadus Group driv torskeoppdrett på Nordvestlandet.
Ideen til Inseanergy er å bruke utrangerte flyteringar frå oppdrettsanlegg til å bygge flytande solcelleanlegg. Neste steg er å ta i bruk hydrogen laga ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen med elektrolyse, med straum frå vass- eller vindkraft. Hydrogenet kan brukast i brenselcelle på oppdrettsanlegg og forsyne anlegget med straum i kombinasjon med solcelleanlegget, og heilt eller delvis erstatte straum frå dieselaggregat.
Like etter årsskiftet startar Inseanergy ein kampanje gjennom selskapet Folkeinvest for å hente inn inntil 30 millionar kroner i ny eigenkapital.
Publisert: 23.12.2021 09:06
Sist oppdatert: 23.12.2021 09:06