God vekst for Busengdal i fjor
STORDAL: Driftssjef og medeigar Bjørn Busengdal (til v.) og dagleg leiar Rolf Anders Haaberg. Ny teknologi, samarbeid, nytenking og kompetanseutvikling er viktig for både bransjen og Busengdal Transport framover, meiner dei. 
Nytt

God vekst for Busengdal i fjor

Busengdal Transport opplevde stor vekst på anleggssida i fjor. - Men konkurransen er blitt tøffare på veg og anlegg og det byrjar å bli overkapasitet, seier dei. 

Kristin Vidhammer
31.01.2018
I fjor fekk Busengdal Transport, inkludert dotterselskapa Gjermundnes Naturstein og Overøye Fjellgrend Eiendom, ei omsetning på i overkant av 160 millionar kroner. Det er ein stor auke i forhold til året før, då omsetninga låg på 124 millionar. Resultatet før skatt i 2016 var 2,3 millionar kroner.
- Det har vore ein veldig god aktivitet og det er særleg innan anleggsverksemda vi har vekse. Men det er tøff konkurranse og små marginar, slik at resultatmessig veit vi ikkje heilt endå korleis tala blir for 2017. Men vi hadde eit positivt resultat pr. første halvår, seier dagleg leiar Rolf Anders Haaberg.
Ein må tilbake til 2012 for å finne like høg aktivitet i selskapet, då dette var eit år med særleg mykje aktivitet og arbeid på spolebasen til Subsea7 på Vigra.

Vegprosjekt framover

- Ettersom oljeaktiviteten har blitt redusert dei påfølgjande åra, har vi måtte erstatte desse inntektene med anna arbeid. Då er det først og fremst på anleggssida vi har vekse. Samstundes opplever vi at det blir færre prosjekt på veg framover, noko som gjer at fleire aktørar konkurrerer om dei øvrige prosjekta. Overkapasiteten vi ser, gir lavare marginar generelt i bransjen.
Dei jobbar både mot det offentlege, næringslivet og for private. Når det gjeld veg, er Region Midt og Region Nord i Statens vegvesen dei regionane med relativt sett lågast bevilgningar på landsbasis i 2018 og 2019 ifølgje Haaberg.
- Men det skal heldigvis skje mykje likevel framover på vegbygging - både Nordøyvegen, Møreaksen, stamveg-prosjekt og Bypakken i Ålesund. Her forventast det konkurranse frå store og internasjonale aktørar, samtidig som vi ser at offentlege anbod dreier seg mot store total- og hovedentrepriser. Dette gjer at vi i slike tilfelle i staden kan få mulegheit til å delta som underleverandør.

Håper på leveransar inn til Nordøyvegen

Når Statens Vegvesen no lyser ut den store hovudkontrakta på rundt 2 milliarder kroner på Nordøyvegen, er ikkje det ei kontrakt som verken Busengdal Transport eller andre lokale aktørar kan rekne på.
- Det er for stort sjølvsagt, men vi håper sjølvsagt å kunne vere med som underleverandørar der vi til dømes kan levere masse, leige ut personell og bilar etc. Vi håper sjølvsagt at aktørar her i regionen får leveransar inn til dette prosjektet, det ser vi også på som naturleg.
Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) i Møre og Romsdal har tidlegare jobba for å få delt opp kontrakta i mindre delar for at det skulle vere mogleg for mindre aktørar å delta. Dette lukkast dei med, og det enda med fire mindre kontraktar i tillegg til hovudkontrakta.

Fleire samarbeidsprosjekt blir viktig framover

Ein av desse er Busengdal Transport allereie i gong med, det gjeld første parsell, K1, som omhandlar klargjering og tilkomst på Skjeltene.
- Dette gjer vi i eit arbeidsfellesskap, gjennom AF ABOL, der Aco Anlegg, Busengdal Transport, Opshaug Sandtak og Longva Maskin deltek. Men det er eit mindre prosjekt. Å samarbeide meir, er også ein av nøklane for å kunne lukkast framover meiner eg, seier Haaberg.
Dei har i fjor også vore underleverandørar for Mesta og AF Gruppen på større vegprosjekt på Verma, der dei har levert masse, naturmurstein og leigd ut maskiner og personell. Det same har dei gjort for AF Gruppen ved arbeid i Innfjordtunnelen og no også Ålesund-tunnellane.
- Vi leverer mykje masser og naturmurstein gjennom Gjermundnes Naturstein, som har hatt god vekst siste åra. Dette steinbrotet passar som hand i hanske i lag med verksemda vi har i morselskapet Busengdal Transport og gir oss gode synergiar.

Ordrereserve eit halvt år framover

Det største projektet i år er på bygginga av Vaksvika Kraft, der dei skal gjere arbeid på kraftstasjon, inntak, dam og rørlegging. I tillegg har dei nyleg fått kontraktar på bygging av gongveg og veg til barnehagen i Stordal blant anna. Byggeaktiviteten er generelt god i marknaden.
- Vi har også skrive kontrakt med Consto om grunnarbeidet til Coop på Digernesskiftet. Vi har forøvrig siden 2010 hatt ei rammekontrakt om grunnarbeid og masseforflytningar på opparbeidinga av Digernes Næringspark for Wenaas Kapital, eit samarbeid som har vore viktig for oss.

Prosjekt for Subsea7

Når det gjeld spolbasen til Subsea7 på Vigra, har dei i fleire år hatt kontrakt på rør-handtering.
- I periodar har vi mange prosjekttilsette og mykje innleige av folk for å gjere dette prosjektarbeidet, og på det meste i fjor var vi 120 personar i Busengdal Transport totalt dersom ein reknar med desse også. I slutten av februar startar det opp eit nytt prosjekt som vil pågå ut våren.
Dei investerer generelt mykje i nytt utstyr og ny teknologi. Dette er viktig for framtida, det same er samarbeid, nytenking og kompetanseutvikling. Busengdal kjøpte blant anna si første hybridmaskin i 2017, ei investering som ifølgje Haaberg foreløpig viser gode resultat.

Kompetanse og rekruttering i framtida

- Vi opererer i ein kapitalkrevjande bransje. Det vert også stadig strengare HMS- og kompetansekrav til entreprenør ute i felt. Det er sjølvsagt ein riktig veg å gå og vi jobbar heile tida med å forbedre oss på kvalitet, dokumentasjon osv.
Busengdal Transport er godkjent lærebedrift og vil satse endå meir på lærlingar framover. Talet på lærlingar vil auke frå fire til seks i år, i tillegg til at dei har skuleelevar på utplassering.
- Vi er avhengig av lærlingar for å sikre rekruttering og kompetanse i framtida og vi har eit godt samarbeid med Maskinentreprenørenes Forbund og opplæringskontoret for anlegg- og bergverksfag (OKAB).
Busengdal Transport har no 85 tilsette og er den største private arbeidsgjevaren i Stordal. Selskapet er eigd 50/50 av Bjørn Busengdal og Erling Busengdal m/familiar. Selskapet feira i fjor 60 års jubileum, og det markerte dei både med open dag på verkstaden og feiring for dei tilsette med følgje i Geiranger.
- Ikkje mindre enn 450 personar var innom verkstaden på den opne dagen i fjor haust, så det vart ein suksess, seier Haaberg.
Det er auka konkurranse frå store og internasjonale aktørar, samtidig som vi ser at offentlege anbod dreier seg mot store total- og hovedentrepriser

Publisert: 31.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17