God vekst for Helland Moebler
STORDAL: - Vi hadde eit eventyrleg år i fjor. Men når det gjeld inneverande år, er vi såpass edruelege at vi budsjetterer berre med ein vekst på 2-3 prosent, seier adm. direktør Joakim Helland (til h.) og marknadssjef Geir Østrem. 
Nytt

God vekst for Helland Møbler

Helland Møbler har tatt bevisste strategiske grep. I fjor fekk dei rekordomsetning.  

Kristin Vidhammer
22.01.2018
Helland Møbler er ein av dei fremste leverandørane av helsemøblar i Norge og Sverige og er også i startgropa i Tyskland.
- Det som skiller oss frå dei fleste andre konkurrentane i vår nisje, er at vi er godt framoverlent og har store ambisjonar. Vi satsar internasjonalt og vi satsar knallhardt på produktutvikling, seier adm. direkør Joakim Helland og marknadssjef Geir Østrem.
Dei leverer særleg til alders- og sjukeheimar, men også til sjukehus blant anna. Det er i hovudsak kvilestolar, sitjegrupper og spisebord-møblement dei sel - og då på anbod i kontraktsmarknaden.

God vekst i Sverige

- Norge er fortsatt hovudmarknaden, men vi har hatt god vekst i Sverige og vi er også i gong i Tyskland, der vi har etablerte eige salskontor på tampen av 2015.
I fjor var eksportandelen 22 prosent. Dei har satsa mest i Sverige, og er no i ferd med å tilsette den tredje seljaren der. Dei har eige showroom i Stockholm. Omsetninga i Sverige har tredobla seg på fire år og er no på omlag 15 millionar. Blant anna har dei levert 1000 kvilestolar til Karolinska-sjukehuset.
- Vi har fått eit bra namn i Sverige og då byrjar ballen å rulle. Det er veldig gledelig og vi er komne over den første kneika. Den svenske marknaden er dobbelt så stor som den norske, så det er mykje vekst å ta ut. At det var eit norsk selskap som vann anbodet til Karolinska, var nok uventa blant våre svenske konkurrentar, seier dei.
6-10 februar er det møbelmesse i Stockholm. Det er ei viktig messe, som dei har vore på kvart år sidan 1999, med unntak av eitt år. I år har dei en stand på over 100 m2.
- I år vil vi lansere seks-sju nyheiter der, og vi tippar det er like mange som alle våre konkurrentar lanserer til saman.
Dei jobbar no blant anna med eit produktutviklingsprosjekt som omhandlar velferdsteknologi, utan at dei foreløpig kan seie så mykje meir.

Utviklar gjerne produkt i samarbeid med kunde

Stolane dei leverte til Karolinske, var utvikla i samarbeid med kunden, noko som dei ofte gjer. Eit anna døme på dette, er møblar dei leverer til psykiatriske institusjonar, som har heilt spesielle krav. Dette med tanke på pasientane sin tryggleik blant anna.
- Vi vil vere etterrettelege og har høge standardar på kvalitet og service. Helland Møbler har sytti års erfaring, og vi opplever at norske møblar har ei godt rykte i utlandet. Dette merkar vi godt i Tyskland.
Dei har bra vekst også i Tyskland.
- Det går riktig veg, sjølv om det foreløpig er ei beskjeden omsetning der. Det er ein veldig stor, men også krevjande marknad. Dei er konservative når det gjeld møblar, så vi sel faktisk møblar der som vi utvikla for tretti år sidan og som vi sjølv nesten er litt lei av.

Har produksjon i Estland

I fjor var omsetninga i Helland Møbler as på omlag 82 millionar kroner, det er ein vekst på over 10 millionar kroner i forhold til året før.
- Vi hadde eit eventyrleg år i fjor. Men når det gjeld inneverande år, er vi såpass edruelege at vi budsjetterer berre med ein vekst på 2-3 prosent.
Dei har også etablert eit dotterselskap i Estland, der ca. 10 prosent av omsetninga går til eksterne kundar. Dei eig også Brøste Møbler på Verma, som produserer møbelplater til bord, skap etc, samt at dei produserer kjøkken for eksternt sal. Samla omsetning i alle selskapa ligg i overkant av 90 millionar kroner.
Dei har no nesten 90 tilsette; 60 i Estland, 13 i Stordal og 8 på Verma, i tillegg til snart sju seljarar.
- Vi hadde ikkje noko anna val enn å flytte produksjonen til Estland i 2015. Etter finanskrisa var det tøffe år og der marginane forsvann. Vi måtte skyte inn pengar i selskapet fleire år på rad og vi skjønte at vi enten måtte gjere noko drastisk eller berre legge ned.

Marginane byrjar å kome på plass

Resultatmarginen i fjor var 6-7 prosent på botnlinja før skatt.
- Det er tilfredsstillande og heilt klart ei bedring. Men det må vere på dette nivået dersom vi skal kunne investere så mykje i produktutvikling som vi gjer. I fjor brukte vi fem prosent av omsetninga i produktutvikling, det er ganske mykje. Det kosta oss også ganske mykje å etablere oss i Estland og flytte produksjonen. Men det er veldig kjekt å sjå at grepa vi har tatt har gitt oss omsetningsvekst og bedring i lønsemda.
Dei gjer no store investeringar i Estland, der dei skal utvide den eine fabrikken med 2300 m2.
- Vi investerar 15-20 millionar kroner der i bygg og maskiner.
Valutasvingningar slår raskt ut i regnskapet, og det er ikkje berre ein fordel med svak krone så lenge Helland Møblar også kjøper råvarer frå utlandet. Det beste for dei er difor stabil valuta.

Privatmarknaden

Foreløpig er ikkje Helland Møbler i privatmarknaden. Dei har heller ikkje netthandel.
- Det er heldigvis ikkje så mange om beinet i helsemarknaden som i privatmarknaden og vi er også sjeleglade vi ikkje er i klørne på dei store kjedene. Slik det er no, er vi herre i eige hus og ikkje ein av mange leverandørar, seier dei.
Joakim Helland er tredje generasjon og eig Helland Møbler i lag med broren Runar og faren Sindre med hhv. 40, 40 og 20 prosent.
Det er veldig kjekt å sjå at grepa vi har tatt har gitt oss omsetningsvekst og bedring i lønsemda

Publisert: 22.01.2018 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17