Tore Gunvor Ulstein dap foto Marius
HAREID: Konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein hadde ingenting i mot å reise til nabokommunen for skipsdåp. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulstein døypte skip på Hareid

– Vi treng ikkje desse kommunegrensene, seier Gunvor Ulstein. Men det var praktiske årsaker til val av stad.

Marius Rosbach
28.04.2026

Tysdag var det invitert til dåp -i Hareid - av eit nytt skip utrusta ved Ulstein Verft. Dåpsseremonien skjedde på kaia til Ulmatec på Hareid. 

Konsernsjef Gunvor Ulstein hadde ikkje noko i mot å reise til nabokommunen for å døype skipet Nexans Electra.

– Er ikkje det ein fin gest i desse tider når det blir diskutert kommunesamanslåing. Vi er så nær kvarandre, at vi treng ikkje desse kommunegrensene, seier ho til Nett No. 

Ho påpeiker at både Hareid, Ulstein – og dei andre kommunane på ytre søre Sunnmøre er ein slagkraftig region. 

– Og vil bli sterkare om vi står i lag. Du ser kva vi leverer her i dag. Det er eit skip i verdsklasse, og det gjer vi ikkje åleine – men saman med den sterke maritime klynga vi har, legg Ulstein til. 

Nexans Electra akter foto Marius
DESIGNA I ÅLESUND: Det 149,9 meter lange kabelskipet er designa av Skipsteknisk i Ålesund, og er mellom dei største verftet nokon gong har levert.

Praktiske årsaker til val av stad
Det er praktiske årsaker til at Hareid blei valt som stad for seremonien. Det gjer at skipet har kort veg til å halde fram med prøveturen som dei er inne i.

Prisen på skipet er ikkje opplyst, men ligg truleg langt over milliarden – og kanskje to.

Det 149,9 meter lange kabelskipet til Nexans er mellom dei største verftet nokon gong har levert. 

saka held fram under

Nexans electra hoyde dap
TO FORSØK: Det var behov for to forsøk med sjampanjeflaska før den knuste mot skutesida. Foto: Marius Rosbach

Basert på tidligere nybygg
Skipet er konstruert med utgangspunkt i det førre skipet Ulstein bygde for energikjempen, Nexans Aurora. Begge er designa av Skipsteknisk i Ålesund. 

Om bord er det ei todelt svingskive på dekk med kapasitet opp til 10.000 tonn kabel, ei svingskive under dekk som kan ta 3.500 tonn kabel og ein fiberoptisk tank med kapasitet på 450 tonn.

Ein rekke lokale leverandørar har leveransar om bord, som Hareid Group, Brunvoll, Hydroniq Coolers og Blue Ctrl i Ålesund. 

Beste resultat sidan 2014
Oppdraget med å bygge kabelskipet har vore mellom prosjekta som har bidrege til at arbeidarane ved verftet har hatt godt med arbeid siste året. 

Avtalen blei inngått i 2023, og om lag to år seinare kom skroget til Ulsteinvik. 

Ulstein Group har hatt nokre tøffe år som følgje av offshorekollapsen kring 2014. I fjor kunne konsernet rapportere sitt beste resultat i 2024, sidan den gong. 

Publisert: 28.04.2026 15:22

Sist oppdatert: 28.04.2026 21:04

Mer om